Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Vellukka Stordalscup igjen!

Stordalscup 2018 - Vestnes Varfjell og Langevåg J 16 - Klikk for stort bildeStordalscup 2018 - Vestnes Varfjell og Langevåg J 16 Hallgeir Hove

Den 38. utgåva av Stordalscup, er vel i hamn og vi kan slå fast at også denne vart særs vellukka. Masse folk, stor aktivitet og god stemning, prega cuphelga.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 27.06.2018

Stordalscup 2018 - oppvisningskamp - Klikk for stort bildeStordalscup 2018 - oppvisningskamp Elias Færøy Stavseng Stordalcup 2018 - stappfullt i Stordalshallen - Klikk for stort bildeStordalcup 2018 - stappfullt i Stordalshallen Stordalscup 2018 - grill - Klikk for stort bildeStordalscup 2018 - grill Hallgeir Hove Stordalscup 2018 - fotballturnering - Klikk for stort bildeStordalscup 2018 - fotballturnering Hallgeir Hove

På fredagskvelden var det Maria Holand Tøsse, som hadde hovudrolla. Det var då både innslag frå songseminaret som hadde pågått dagane i førevegen og det var allsong, der Maria hadde fått med seg eit eige band med dyktige musikarar. Big Valley Voices var også med og bidrog. I og med at det var meldt ein del vind og at cupveret enno ikkje hadde dukka opp, vart dette arrangementet flytta inn i Stordalshallen. Det var naturlegvis ikkje noko problem og publikum såg ut til å storkose seg. Dermed var det full rulle og stor stemning i Stordalshallen, heile fredagskvelden, både før og etter seriekampen mellom Stordal/Ørskog og Giske.

Laurdag og søndag var det naturlegvis fotballturnering og med rundt 70 lag påmeldt, vart det ganske så folksamt på og rundt dei mange banene. Kampavviklinga gjekk knirkefritt og etterkvart som laga vart ferdige med kampane sine, var det tid for preimeutdeling. Blant dei 70 laga, fann vi også Vestbyen frå Trondheim med to lag. Dei var også med i fjor og det er all grunn til å tru at dei ynskjer gjere dette til ein tradisjon. Laurdag var det også sett opp ein eigen oppvisningskamp, der damelaget som for tida toppar 4. divisjon, møtte gjengen som representerer Stordal IL kvart år under Veterancup. Kjekt å registrere at interessa for å få med seg også denne, var så god. Truleg hadde det sitt å seie at det var Tom Henning Øvrebø, som saman med Magne Tøsse sporty stilte opp for å dømme kampen. Mykje bra spel av begge laga og god stemning på tribuna, ikkje minst når damene lurte gamlekarane og sette ballen i nota. I pausen av denne kampen fekk Kåre Hove overrekt ei innerama drakt, signert av spelarar og dommarar m.fl., som takk for den innsatsen han har lagt ned for fotballgruppa.

I Stordalshallen var det stappfult med folk, so å seie heile laurdagen. Det var underhaldning frå scena, det var mange flotte utstillarar, der var kafe og ikkje minst var der stort loppemarked. Det litt sure veret på fredagskvelden og regndråpane som dukka opp også på laurdagen, spelar eigentleg ikkje så stor rolle, når så mykje av det ein kan oppleve under Stordalscup også skjer inne. Mange salgsboder også i området rundt Stordalshallen, der også Jungeldyra var på plass igjen. Dette var ein stor suksess i fjor og no var dei der altså på ny, med endå fleire artige framtoningar. I år hadde dei også med seg to flotte hoppeslott. Mange spanande aktivitetar også i regi av Laktat. Den nye, flotte 3 vs 3 - bana til SIMEK, var også montert opp inne på tartandekket på stadion og det var skikkeleg rift etter å få teste ut denne. Her var det langt frå berre dei aller yngste som var gira på å få prøve.

I grillteltet var det hektisk aktivitet stort sett heile tida, der m.a. laks og kotelettar stod på menyen.

Utover på laurdagen kom også cupveret og det vert meldt om god oppslutning også om cupdansen ved Nilsgardstunet.

Brannvesenet i Stordal, var på plass med brannbilen sin, både på laurdag og søndag. Det var stor stas for barna å få prøve ut både sirene og brannslangar.  

På søndagen var det klart for endå meir fotball, der nye lag fekk gjere opp seg i mellom. Det var godt med folk også denne dagen og stor aktivitet både på og utanfor banene. Og også i Stordalshallen var opplegget ganske så likt det som hadde vore på laurdagen, men no med nye born og unge som underheldt på scena. Heilt mot slutten av dagen, var det så tid for å trekkje ut dei heldige vinnarane av cuplotteriet til arrangørane. Det var skikkeleg flotte premiar og arrangørane, med Bjørg Jacobsen og Vigdis Hove Øie i spissen, passa på å takke alle dei som hadde støtta opp. Berre lotteriet i seg sjølv, gav ei inntekt på kr 60.000, noko som er eineståande bra.

Rett etter at siste kamp var avvikla og dei heldige vinnarane i lotteriet var offentleggjort, var det tid for opprydding og nedrigging. Som vanleg gjekk også dette veldig greit og ca kl 18.00 var ein i mål med det heile.

 

Det er berre å ta av seg hatten for den innsatsen som vert lagt ned - av så mange - i samband med Stordalscup. Vidare er det på sin plass å takke alle dei som elles ynskte å få dette med seg, anten det no var ute på bana, på sidelinja, eller anna.

Suverent!

 

 

Her er bildegalleri frå fredagen (107 bilder)

Her er bildegalleri frå laurdagen (327 bilder)

Her er bildegalleri frå søndagen (234 bilder)

 

Sjå reportasje på Sunnmøre Fotballkrets si heimeside

Sjå reportasje i Sunnmørsposten (JPG, 2 MB)

Sjå reportasje på maxlokal.no

Sjå også våre førehandsreportasjar for mykje meir

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Idyll ved Lillevatnet
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS