Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Verdig prismottakar

Kulturprisen 2019 - prisvinnar Anna Margrethe Drægebø Moe og ordførar Eva Hove - Klikk for stort bildeKulturprisen 2019 - prisvinnar Anna Margrethe Drægebø Moe og ordførar Eva Hove Hallgeir Hove

Under gårsdagens møte i kommunestyret, vart Stordal kommune sin kulturpris for 2019, delt ut. Det var, som kjent, Anna Margrethe Drægebø Moe som var mottakar og bakgrunnen for tildelinga var m.a. den store innsatsen ho har lagt ned (og framleis legg ned) både for Stordal IL og Mental Helse Stordal.

 

 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 20.09.2019

Kulturprisen 2019 - prisvinnar Anna Margrethe Drægebø Moe og ordførar Eva Hove - Klikk for stort bildeKulturprisen 2019 - prisvinnar Anna Margrethe Drægebø Moe og ordførar Eva Hove Hallgeir Hove Kulturprisen 2019 - prisvinnar Anna Margrethe Drægebø Moe takkar - Klikk for stort bildeKulturprisen 2019 - prisvinnar Anna Margrethe Drægebø Moe takkar Hallgeir Hove Stordal IL, logo - Klikk for stort bildeStordal IL, logo Mental Helse - Klikk for stort bildeMental Helse

Det var ordførar Eva Hove som stod for overrekkinga og i tillegg til flott innerama diplom, gåvesjekk på kr 5.000 og ein vakker blomsterbukett, vanka det mange lovord om prismottakaren.

Prisvinnaren nytta høve til å takke for tildelinga og kom m.a. inn på korleis det var då ho første gongen fekk vervet som leiar i Stordal IL, tidleg på 70-talet, nytilflytta som ho var. Brått stod det ein brunn koffert med alle idrettslagsdokumenta i ved døra hennar, og frå då av var det gjort. Etter den tid la ho ned stor innsats, som leiar for laget, faktisk i to periodar. Frå første stund, var ho med og bidrog kring etableringa av skitrekket på Overøye, der ho m.a. stod under open himmel og billetterte. Sykkeltrimmen var det også ho som starta opp og sentral var ho også i samband med etableringa av pensjonistlaget, for å nemne noko. At Anna Margrethe har betydd særs mykje for dette lokalsamfunnet vårt, er det ikkje vanskeleg å vere samd i. No er ho i full gong med å skrive 100 årshistoria til idrettslaget, i tillegg driftar ho Mental Helse så bra at det vankar den eine prisen, etter den andre. Når vi hadde eit sterkt ynskje om å overrekkje prisen i høve Verdsdagen for psykisk helse - der ho m.a. har fått skodespelar  Per Christian Ellefsen hit - viser det seg at ho sjølv dessverre ikkje har høve til å få med seg dette pga vervet ho innehar for Mental Helse på landsbasis.

Drægebø Moe var inne på viktigheita av den frivillige innsatsen i eit lokalsamfunn, kor viktig det er at alle skal kunne føle at dei betyr noko og det å oppleve meistringsfølelse. Ho slo også fast at prisoverrekkinga forplikta, medan vi for vår del er klar på at den innsatsen ho alt har lagt ned i høgste grad gjer ho til ein særs verdig mottakar av Stordal kommune sin kulturpris.

For meir om begrunnelsen for tildelinga av kulturprisen til Anna Margrethe, viser vi til vår tildlegare reportasje om dette. I den reportasjen vil du også finne lenke til reportasjar om tidlegare utdelingar av kulturprisen i Stordal kommune.

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Pusken - stølsbilde
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS