Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Vinje til topps under Grendacup 2018!

Grendacup 2018 - Vinje til topps - Klikk for stort bildeGrendacup 2018 - Vinje til topps

Tradisjonen tru, gjekk Grendacupen av stabelen 2. juledag og denne gongen kan vi faktisk hevde at det vart dobbeltseier til grenda Vinje. Ikkje berre stod dei bak eit prikkfritt arrangement, der dei også hadde kafédrift denne dagen, men i tillegg tok dei like godt og vann heile turneringa!  Dette var det 23. året på rad at Grendacupen er arrangert.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 02.01.2019

Grendacup 2018 - 5. t.o.m 8. klasse - Klikk for stort bildeGrendacup 2018 - 5. t.o.m 8. klasse Hallgeir Hove Grendacup 2018 - mykje folk på tribuna - Klikk for stort bildeGrendacup 2018 - mykje folk på tribuna Hallgeir Hove Grendacup 2018 - Kafé - Klikk for stort bildeGrendacup 2018 - Kafé Hallgeir Hove Grendacup 2018 - sekretariat - Klikk for stort bildeGrendacup 2018 - sekretariat Hallgeir Hove

Før turneringa for dei eldste, var det også denne gongen lagt opp slik at dei frå 5. t.o.m 8. klasse, fekk boltre seg ute på parketten. Sjølv om det ikkje vart scora så mange mål under denne første delen av dagen, var det uansett veldig kjekt å registrere den spelegleda dei unge utøvarane viste og mykje flott spel kunne vi også glede oss over. Frank Olsen, Arnstein Arnes og Øyvind Tafjord tok hand om organiseringa av laga som var i aksjon.

I turneringa for dei vaksne, var fyljande 6 lag med:

Nejaføringane
Hovslia
Vinje
Vinjehjellane
Øvrebust
Liabygda

Etter innleiande spel, møtte desse grendene kvarandre i semifinalane:

Vinje (som vann si pulje) mot Liabygda
Øvrebust (som vann si pulje) mot Nejaføringane

Begge semifinalane var heilt jamnspelte, men likevel slik at Vinje (Hedda Helland avgjorde på "sudden death") og Nejaføingane (1-0 over Øvrebust med Notodden sin Kjetil Holand Tøsse i spissen, etter at Geir Marius og Fredrik Øie kombinerte fint) til slutt gjekk til finalen. I finalen leia Nejaføringane 1-0 (etter scoring av Thea Marie Ekroll Hove) heilt til det stod att ca 2 minutt. Men to kjappe scoringar (Sindre Holtleite og Kenneth Søvik) bidrog til å snu kampen og dermed siger til Vinje. Ikkje vanskeleg å sjå at dette var ein etterlengta siger og ekstra stas at det var keeper og lagleiar Kenneth Søvik som fekk gleda av å avgjere det heile. Dette var grenda Vinje sin andre siger (gjekk også til topps i 2014) og i tillegg hindra ein på dette viset at Nejaføringane tok sin tredje strake siger i turneringa.

Kjekt er det også å registrere at kampane gjekk fint føre seg, utan alt for harde tacklingar. Liabygda sin gode keeper, Magne Thomasrud, fekk seg ein bra kul i panna etter eit ublidt møte med treverket i mål (eller var det kneet til ein medspelar?), men også han melder at det står bra til no i ettertid.

Grenda Vinje, med Ester Vinje i spissen, fortener ros for vel gjennomført arrangement. Med dette har grenda også, i tur og orden, stått bak ei flott fering av 17. mai, ein suveren Årsfest og no altså også ein vellukka Grendacup.

For meir om Grendacupen, både kven som har vunne denne tidlegare, ei rad med bilder osv osv, viser vi til våre tidlegare reportasjar

For fleire bilder frå Gendacup 2018, viser vi til eige galleri på Stordalshallen si facebookside

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Mot Storvasshytta
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS