Årsfest 2011. Hurra for vinjarane!
Hallgeir Hove
Langrenn 2014 Langsætrane
Astrid Eide Stavseng
Øvre Stordal - alpinbakken
Øvre Stordal
No er det også viktig å slå fast at ein finn mykje meir info om mange av desse arrangementa, om ein går inn på sidene til dei ulike laga som står bak. I tillegg til flotte heimesider, er dei fleste også å finne på facebook.
For mykje av det flotte vi har lagt bak oss, viser vi til reportasjar både på våre nettsider og på facebook og sjølvsagt også i lokal-media, samt dei mange flotte nettsidene og facebooksidene til lag og organisasjonar i vårt nærområde. Om ein tek seg tid til å studere dette nærare, ja så reknar vi med at de er samd om at dette er ganske så imponerande.
Vi går no inn i ein ny periode, der mange av dei flottaste arrangementa i løpet av året, finn stad. Då tenkjer vi t.d. på Årsfest for Stordalshallen, på lokalmønstringa av UKM, vi tenkjer på dei mange flotte arrangementa ved frivilligsentralen og ikkje minst alt det som skjer i Øvre Stordal.
Her finn du kulturkalender nr 1. 2018 (PDF, 51 kB)
Igjen er det viktig å peike på at det heilt sikkert er mange fleire arrangement enn dei ein har med i denne oversikta og ikkje minst også dei mange faste arrangementa og aktivitetane, som ikkje er med i denne. Mange av dei faste frå veke til veke, finn ein i oversikta over Trenings-, øvings- og opningstidene.
Om du har kjennskap til arrangement, som ikkje er kome med her, eller det er andre ting du har på hjartet, er det berre å ta kontakt med oss i "kulturteamet".