Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Kulturkalender nr 2 - 2019

Toppturkurs, er berre litt av alt det du kan vere med på i Øvre Stordal - Klikk for stort bildeToppturkurs, er berre litt av alt det du kan vere med på i Øvre Stordal Øvre Stordal

Vi har lagt bak oss dei tre første månandane av året og det er difor på tide med ei ny oversikt over kulturarrangement vi kan sjå fram til. Mange vil hevde at den tida vi no går inn i, er det finaste også når det kjem til aktivitetar i friluft. Framleis er muligheitene rike for den som ynskjer kome seg ut på ski og for mange lokkar fjorden også ekstra, denne tida. April betyr også seriestart innan fotballen og så er det framleis mykje som skjer, både i Stordalshallen, på frivilligsentralen og elles rundt om i kommunen vår.    

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 12.04.2019

Stordal IL med lag i 3. divisjon, for første gong på over 30 år!  - Klikk for stort bildeStordal IL med lag i 3. divisjon, for første gong på over 30 år! Helselagsbasar nr 106, første fredagen etter påske!  - Klikk for stort bildeHelselagsbasar nr 106, første fredagen etter påske! Hallgeir Hove Vi håper på strålande vere også dette året!  - Klikk for stort bildeVi håper på strålande vere også dette året! Hallgeir Hove Stordalscup 2018 - Vestnes/Varfjell og Langevåg var to av mange lag som deltok på Stordalscup i fjor - Klikk for stort bildeStordalscup 2018 - Vestnes/Varfjell og Langevåg var to av mange lag som deltok på Stordalscup i fjor Hallgeir Hove

Fortsatt er det altså godt med snø i fjellet og dermed rike muligheiter både for dei som likar å nytte dei flotte løypene som Stordal Fjellservice køyrer, for dei som likar seg i alpinløypene ved Arena Overøye eller dei som søkjer dei mange spektakulære toppane i området. Vi skundar oss å minne om fjellvettreglane og at det denne vinteren har gått snøskred på stadar ein mest aldri har opplevd snøskred tidlegare. Ikkje for å skremme folk unna, men rett og slett for å understreke kor viktig det er å først og fremst ha fokus på sikkerheit.

Øvre Stordal står bak mange flotte arrangement i dette området, m.a. skredkurs, guida toppturar og mykje meir. På eiga side, kan du halde deg oppdatert på det som skjer der, også i høve til den perioden vi no er inne i.

For første gong har vi denne vinteren også vore med på opplegget kalla Stikk UT! Ski, med 3 turmål å besøkje. Desse kan du oppsøkje og registrere tura til, t.o.m 2. påskedag. Frå 1. mai startar vi så opp att med Stikk Ut!, der ein finn 15 postar med ulik vanskegrad rundt om i kommunen vår og med totalt 398 turar i heile Møre og Romsdal! Sjekk heimesidene for meir.

Så reknar vi også med at det er like før Stordal Turlag presenterer sine turmål for sesongen. Det er berre å fylje med på deira facebookside for meir.

Det nærmar seg også sesongopning ved Ytste Skotet og for å hald deg oppdatert i høve til det, anbefaler vi facebooksida deira.

Tradisjonen tru blir det helselagsbasar første fredagen etter påske. Dette er då truleg helselagsbasar nr 106 det folkens! Kan vel godt kalle det ein tradisjon då, ikkje sant?

Fotball engasjerer mange i lokalsamfunnet vårt og det er ekstra stor aktivitet på Kirkebø Stadion att no. For dei fleste laga startar kampen om seriepoenga alt i april månad og ekstra stas er det at Stordal IL for første gong på over 30 år, stiller med damelag i 3. divisjon. Serieopninga er mot HaNo på Kirkebø Stadion, søndag 28. april kl 12.45. I tillegg kan vi sjå fram til spanande oppgjer mot både Hareid, Volda og Brattvåg/Ravn, månaden etter.

Etter ein knallsterk haustsesong og med mange nye med rundt laget, blir det også ekstra spanande å fylje med på korleis det går med herrane den komande sesongen. Kan det gå mot opprykk i år?

Når vi er inne på fotball, må vi også nemne at det sjølvsagt blir Stordalscup også denne sommaren. Legg merke til at denne 39. utgåva (40 årsjubileum i 2020!) går av stabelen jonsokhelga i år. Då er det også klart for eit godt gamalt lokaloppgjer mot Valldal, på Kirkebø Stadion. Det skjer på fredagskvelden og så veit alle at det blir full rulle både før og etter den kampen, og med tettpakka program for heile helga.

Nasjonaldagsfeiring ser vi sjølvsagt også fram til og i år er det Hovslia som har teke på seg å stå som arrangør av den offisielle delen i Stordal, medan det er velforeninga på Dyrkorn som steller i stand der.

Sjå kulturkalender nr 2 - 2019, som pdf (PDF, 49 kB)

 

Kjenner du til arrangement som du meiner bør vere med i denne oversikta, er det fint om du sender inn info om dette. Så minner vi også om at vi har ei oversikt over det som skjer av faste aktivitetar frå veke til veke. Her finn du gjeldande oversikt

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Utsikt frå Lille-Skorkja
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS