Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Kulturstipend 2018

Jenny Marita Sørås mottok kulturstipend i 2016 - Klikk for stort bildeJenny Marita Sørås mottok kulturstipend i 2016

Stordal kommune kan kvart år dele ut kulturstipend til einskildpersonar - born/ungdom frå Stordal kommune, i alderen 12 - 25 år. Tildeling kan skje til den som har eit særskilt talent, syner god kvalitativ utvikling og legg ned stor innsats for å utvikle sin dugleik innan ein sektor av eit vidt definert kulturomgrep. Fristen for å kome med innspel, er sett til den 15. november.  

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 02.11.2018

Kjetil Holand Tøsse mottok kulturstipend i 2015 - Klikk for stort bildeKjetil Holand Tøsse mottok kulturstipend i 2015 Vibeke Nyli Innselset mottok kulturstipend i 2015 - Klikk for stort bildeVibeke Nyli Innselset mottok kulturstipend i 2015 Aafk Petter Løset Skodjereite mottok kulturstipend i 2014 - Klikk for stort bildePetter Løset Skodjereite mottok kulturstipend i 2014 Charis mottok kulturstipend i 2014 - Klikk for stort bildeCharis mottok kulturstipend i 2014 Hallgeir Hove

Heilt sidan Jonas Lilleås Larsen (skihopping) mottok kulturstipendet i 2002, har kommunen delt ut slik utmerking. Det er nok rett å hevde at kommunen har, og har hatt, uvanleg mange talent. Disse legg ned særs stor innsats for å utvikle eigen dugleik og mange av dei har bemerka seg såvel nasjonalt som internasjonalt. Det er også gledeleg å registrere at ein finn slike talent innan mange ulike områder av kulturlivet i kommunen.

Ser ein på oversikta over dei som har motteke denne utmerkinga fram til no, er denne det beste beviset på at kommunen fostrar mange talent.

Disse har tidlegare motteke Stordal kommune sitt kulturstipend:

2002: Jonas Lilleås Larsen
2003: Vebjørn Løfoll
2004: Maria Holand Tøsse, Tommy Lianes og Sindre Holtleite
2005: Kristina Malene R Stavseng og Kristofer Olai R Stavseng
2006: Thomas Kirkebøe og Silje Aasen
2007: Erika Holand Tøsse, Vegard Busengdal, Adrian Nakken og Jørgen Vinje Tøsse
2008: Jenny Kristin Langlo
2009: Geir Marius Øie
2010: Martine Lorgen Øvrebust
2011: Sivanja Naguleswaran
2012: Mats Rune Lilleås Larsen
2013: Robin Aasen
2014: Charis og Petter Løset Skodjereite
2015: Kjetil Holand Tøsse og Vibeke Innselset
2016: Jenny Marita Sørås
 

"Så skal bygda framleis fager bløma, fostre søner dugande i ferd, fager ungdom som kan kaste søme, over heim og bygd i all si gjerd" ( 4. vers av Stordalssongen )

Meir informasjon om Stordal kommune sitt kulturstipend (PDF, 77 kB)

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Gjennom Kokarsteinen
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS