Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Kulturstipend 2019

Maciek Kaniecki mottok Stordal kommune sitt kulturstipend i 2018 - Klikk for stort bildeMaciek Kaniecki mottok Stordal kommune sitt kulturstipend i 2018 Stordal kommune kan kvart år dele ut kulturstipend til einskildpersonar - born/ungdom frå Stordal kommune, i alderen 12 - 25 år. Tildeling kan skje til den som har eit særskilt talent, syner god kvalitativ utvikling og legg ned stor innsats for å utvikle sin dugleik innan ein sektor av eit vidt definert kulturomgrep. Merk at fristen for å kome med innspel, i år vert sett til den 1. mai.  

 

 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 12.03.2019

Jenny Marita Sørås  - Klikk for stort bildeJenny Marita Sørås Kjetil Holand Tøsse - Klikk for stort bildeKjetil Holand Tøsse Vibeke Nyli Innselset - Klikk for stort bildeVibeke Nyli Innselset Aafk

Heilt sidan Jonas Lilleås Larsen (skihopping) mottok kulturstipendet i 2002, har kommunen delt ut slik utmerking. Det er nok rett å hevde at kommunen har, og har hatt, uvanleg mange talent. Disse legg ned særs stor innsats for å utvikle eigen dugleik og mange av dei har bemerka seg såvel nasjonalt som internasjonalt. Det er også gledeleg å registrere at ein finn slike talent innan mange ulike områder av kulturlivet i kommunen.

Ser ein på oversikta over dei som har motteke denne utmerkinga fram til no, er denne det beste beviset på at kommunen fostrar mange talent.

For meir om Stordal kommune sitt kulturstipend, sjå utlysingsteksten (PDF, 77 kB)

Disse har tidlegare motteke Stordal kommune sitt kulturstipend:

2002: Jonas Lilleås Larsen
2003: Vebjørn Løfoll
2004: Maria Holand Tøsse, Tommy Lianes og Sindre Holtleite
2005: Kristina Malene R Stavseng og Kristofer Olai R Stavseng
2006: Thomas Kirkebøe og Silje Aasen
2007: Erika Holand Tøsse, Vegard Busengdal, Adrian Nakken og Jørgen Vinje Tøsse
2008: Jenny Kristin Langlo
2009: Geir Marius Øie
2010: Martine Lorgen Øvrebust
2011: Sivanja Naguleswaran
2012: Mats Rune Lilleås Larsen
2013: Robin Aasen
2014: Charis og Petter Løset Skodjereite
2015: Kjetil Holand Tøsse og Vibeke Innselset
2016: Jenny Marita Sørås
 
2018: Maciek Kaniecki

"Så skal bygda framleis fager bløma, fostre søner dugande i ferd, fager ungdom som kan kaste søme, over heim og bygd i all si gjerd" ( 4. vers av Stordalssongen ) 

Så minner vi igjen om fristen for å sende inn grunngjevne framlegg på kandidat(ar), som er sett til 1. mai. Den tidlegare fristen enn det som har vore vanleg skuldast at Stordal blir ein del av Fjord kommune frå 1. januar 2020.

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Utsikt frå Skjortnes
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS