Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Kun to veker att!

Årsfest 2018 - Trådlaust - Klikk for stort bildeÅrsfest 2018 - Trådlaust Vinjegrenda

I skrivande stund er det berre to veker att til årets store begivenheit for mange, nemleg Årsfest for Stordalshallen. I år er det grenda Vinje, som har regien og for alle oss som hugsar Årsfestane i 2004 og i 2011, veit vi at det er all grunn til å gle seg. Som alltid er det altså siste laurdagen i vinterferien (her) det skjer og det vil då seie laurdag 24. februar. Reknar med at alle har kryssa av!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 08.02.2018

Årsfest 2018 - førehandsstoff - Klikk for stort bildeÅrsfest 2018 - førehandsstoff Vinjegrenda Årsfest 2011 - Vinjegrenda på scena - Klikk for stort bildeÅrsfest 2011 - Vinjegrenda på scena Hallgeir Hove

 

Etter ein periode der vi hatt gleda av å ta imot den eine gruppa, etter den andre, er det no klart for fleire flotte arrangement. Som vanleg er to av desse lagt til vinterferieveka, der det først er klart for ei ny suveren lokalmønstring av UKM søndag den 18. februar, før vi altså gjer klart for årets høgdepunkt helga etter.

Som vanleg er det ikkje lett å få årsfestarrangørane til å avsløre så mykje på førehand, men vi veit at det har vore særs god oppslutning i grenda og at det er blitt jobba både lenge og vel med førebuingane. Vi har fått tilsendt eit bilde av ein skikkelse vi dreg kjensel på og vidare kan illustrasjonen arrangørane har valgt også vere med å bidra til å pirre nysgjerrigheita vår.

Reportasje frå då grenda Vinje leverte sin suverene årsfest i 2011 (Vinje var også arrangør i 2004, men det var før vi hadde fått på plass eiga heimeside. Men også den gongen var det ein kjempeflott fest)

Det er også oppretta ei eiga hending på facebook og det er grunn til å tru at det kan vere kjekt å halde seg oppdatert på det som skjer der. Kanskje ikkje så dumt å dele denne heller, slik at flest mulig vert minna på at årets store begivenheit nærmar seg no.

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Frå Jøssvollbotnen | Fotograf: Bjørnar Midtbust
Posten skal fram!
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS