Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Ledig 50% fast stilling som helsesekretær ved Stordal legekontor

lege - Klikk for stort bilde

Ved Stordal legekontor er det frå 01.02.2018 ledig 50% fast stilling som helsesekretær.

Søknadsfrist: 19. november 2017

 

Publisert av Alexander Oudijk. Sist endret 30.10.2017

Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere:
- Resepsjonsteneste: Telefon, rekneskap, kasseoppgjer, timeavtalar mm.
- Skiftestue: Injeksjonar, sårskift, akutt-mottak, EKG mm.
- Laboratoriet: Blodprøvetaking, analysering mm.

Utdanningskrav:
- Helsesekretær

Vi ynskjer ein medarbeidar som:
- Er serviceinnstilt
- Er samarbeidsvilling og fleksibel
- Trivast i ein hektisk arbeidskvardag
- Har erfaring frå arbeid ved legekontor

Stillinga byr på mange faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø.

Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk.

For meir informasjon ta kontakt med legekontoret, tlf. 70279150.

Skriftleg søknad vert å sende til Stordal kommune, Kommunehuset, 6250 Stordal, eller på e-post til postmottak@stordal.kommune.no.

Vi gjer merksam på at CV vert nytta til utvida søkjarliste. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren bed om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, Jf. Offentleglova §25, 2.ledd.

Søknadsfrist: 19. november 2017

 

Stordal kommune ligg ved Storfjorden i Møre og Romsdal. Kommunen byr på svært gode oppvekstvilkår, eit aktivt kulturliv og attraktive område for friluftsliv både sommar og vinter. Stordal er kjent for eit stort aktivitetstilbod for heile familien.
Sterke kulturtradisjonar, engasjerte innbyggarar og sterk dugnadsinnsats kjenneteiknar samfunnet. Stordal kommune har eit aktivt næringsliv, og legg til rette for nye, berekraftige næringar gjennom eit fleirårig utviklingsprosjekt, Vekst i Stordal.
Det er om lag 160 tilsette i kommunen fordelt på ca. 125 årsverk. Kommunen har eit vidt interkommunalt samarbeid. Stordal og Norddal kommunar har gjort vedtak om å slå seg saman til ein ny kommune frå 01.01.2020.

 

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Liv Gunvor Hove Midtbust
Mebu har fått besøk
Liv Gunvor Hove Midtbust
Levert av ACOS AS