Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Ledig fast 100% stilling som lærar ved Stordal skule

Stordal kommune - kommunevåpen - Klikk for stort bilde Ved Stordal skule er det frå 01.08.2018 ledig 1 x 100% fast stilling som lærar.

Søknadsfrist: 29.04.2018

Publisert av Alexander Oudijk. Sist endret 13.04.2018

Stordal kommune ligg ved Storfjorden i Møre og Romsdal. Kommunen byr på svært gode oppvekstvilkår, eit aktivt kulturliv og attraktive område for friluftsliv både sommar og vinter. Stordal er kjent for eit stort aktivitetstilbod for heile familien.
Sterke kulturtradisjonar, engasjerte innbyggarar og sterk dugnadsinnsats kjenneteiknar samfunnet. Stordal kommune har eit aktivt næringsliv, og legg til rette for nye, berekraftige næringar gjennom eit fleirårig utviklingsprosjekt, Vekst i Stordal.
Det er om lag 150 tilsette i kommunen fordelt på ca. 105 årsverk. Kommunen har eit vidt interkommunalt samarbeid. Stordal og Norddal kommunar har gjort vedtak om å slå seg saman til ein ny kommune frå 01.01.2020.

Ved Stordal skule er det frå 01.08.2018 ledig 1 x 100% fast stilling som lærar.

Stordal skule er ein 1-10 skule med ca. 135 elevar. Vi ynskjer å få tilsett personar med gode evner til pedagogisk leiing og kollegialt samarbeid.

I stillinga kan undervisningskompetanse i følgjande fag vere aktuelle: engelsk, spansk og/ eller norsk. Undervisninga ligg til 5.- 10. klasse.
Søkjar må ha gode norskkunskapar, både munnleg og skriftleg. Minimumskrav er bestått Bergenstest (Test i norsk – høgare nivå/språknivå B2/C1).


Aktuelle søkjarar må rekne med intervju.
Tilsetjing etter avtaleverk og på vanlege kommunale vilkår. Dei som får tilbod om stilling, må kunne leggje fram politiattest av ny dato.

Nærare opplysningar v/rektor Marianne Nakken (70279171/93498446) eller undervisningsinspektør Evy Vatne Joranger (70279172/45617654).


Søknad m/CV kan gjerne sendast på e-post til postmottak@stordal.kommune.no eller på vanleg post til Stordal kommune, Kommunehuset, 6250 Stordal.

Vi gjer merksam på at CV vert nytta til utvida søkjarliste. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren bed om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jf. Offentleglova §25, 2. ledd.

Søknadsfrist: 29.04.2018.

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Mebu
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS