Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Ledig stilling - Helsefagarbeidarar (fast) open omsorg

 Kommunevåpen - Klikk for stort bilde Innan eininga open omsorg har kommunen følgjande ledige helsefagarbeidarstillingar (fast):

Søknadsfrist: 19.11.2017 - Tiltreding 11. desember 2017

Publisert av Siv Krokfoss. Sist endret 07.11.2017

pleieomsorg.jpg - Klikk for stort bilde

 

1. 93,9 % - todelt med dag/aften
2. 4 x 14,79 % - kortvakter annakvar helg
3. 3 x 14,08 % - kvar 3.helg
4. 24,65 % - todelt med dag/aften kvar 3.helg
5. 43,43 %
6. 38,26% dag/aften inkl. kvar 3. helg

I søknaden skal det kome tydeleg fram i kvar for ein/kva for nokre stillingar ein er interessert i.

Stordal kommune nyoppretta eininga open omsorg. Eininga består av heimetenesta og butenesta. Heimetenesta har i dag ca. 50 brukarar og 4 årsverk. Butenesta har tre yngre brukarar med store hjelpebehov og 14 årsverk.

Hovudoppgåvene for stillingane er å arbeide opp mot brukarar med forskjellig fysiske og psykiske behov og som har behov for helsefaglig omsorgsteneste. Du er engasjert og har respekt for brukarane. Våre brukarar har godt innarbeidde prosedyrar som skal nyttast Stordal kommune har fokus på god tenesteyting og søkjer etter medarbeidarar som har relevant arbeidserfaring , er serviceinnstilt og har formell kunnskap (norsk autorisasjon) og personlege eigenskapar som vilje til fleksibilitet og fleirfagleg samarbeid.

God norsk kommunikasjon munnleg og skriftleg (helst tilsvarande Bergenstest eller norskprøve 3) er eit krav for tilsetting. Du har førarkort kl. B. Tilsetjing kan bli vurdert ved mangel på kvalifiserte søkjarar. Ved evt. intern omplassering kan søkjarar få tilbod om anna stilling. Tilsetjings- og arbeidsvilkår er i hht. gjeldande lov og avtaleverk.

For ytterlegare informasjon og spørsmål om stillinga kontakt assisterande rådmann Ingvild Nergård Hattrem, tlf. 41268147/e-post: ingvild.hattrem@stordal.kommune.no eller Britt-Eline Støversten, tlf. 46814628/ 70279161/e-post: britt.eline.stoversten@stordal.kommune.no


Søknad med CV sendast til Stordal kommune, kommunehuset, 6250 STORDAL eller til postmottak@stordal.kommune.no. Vi gjer merksam på at CV vert nytta til utvida søkjarliste. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren bed om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, Jf. Offentleglova §25, 2.ledd.
 

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Lam som leikar seg i Arnegarden
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS