Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Ledig stilling ingeniør

Ledig stilling teknisk - Klikk for stort bilde Vi har ledig fast stilling i 100% som ingeniør ved felles teknisk etat. Hovudarbeidsstad er Stordal kommune.
Søknadsfrist: 20.01.2018

 

Publisert av Siv Krokfoss. Sist endret 21.12.2018

Stillinga vil vere knytt til kommunane sine bygg og kommunaltekniske anlegg

Arbeidoppgåver

  • Planlegging av drift og vedlikehald
  • Prosjekt- og byggeleiing
  • Oppfylgjing av eksterne konsulentar
  • Sakshandsaming

Det til ein viss grad vere mogeleg å tilpasse arbeidsoppgåver til søkjar sine kvalifikasjonar/faglege interesser.

Kvalifikasjonar/utdanning/erfaring:

  • Relevant høgare utdanning frå høgskule eller universitet, eventuelt teknisk fagskule
  • Det er ynskjeleg med tilleggskompetanse retta mot brannvern
  • Kjennskap til dataverkty og lover/regelverk innan fagområdet
  • Førarkort minimum kl B
  • Relevant arbeidserfaring
  • Lang og relevant arbeidserfaring kan erstatte delar av formalkompetanse


Personlege eigenskapar:

  • God evne til muntleg og skriftleg kommunikasjon
  • Gode samarbeidsevner
  • Serviceinnstilt og løysningsorientert
  • Godt humør
  • Personlege eigenskapar vil bli tillagt betydeleg vekt.



Tilsetting og avlønning skjer elles på dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. Det er pliktig medlemskap i KLP med 2 % pensjonstrekk.

Aktuelle søkjarar vil verte kalla inn til intervju. Tiltreding etter nærmare avtale.

For ytterlegare informasjon og spørsmål om stillinga kontakt kst. leiar ved Teknisk Etat, Trond Alstadsæter tlf 99711252.

Søknad med CV sendast til Stordal kommune, kommunehuset,  6250 STORDAL eller til postmottak@stordal.kommune.no
    
Søknadsfrist:  20.01.2018
Vi gjer merksam på at CV vert nytta til utvida søkjarliste. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren bed om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, Jf. Offentleglova §25, 2.ledd.
 

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Rosekyrkja
Rosekyrkja
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS