Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Ledig stilling - Sjukepleiarar - Stordal kommune

sjukepleier - Klikk for stort bilde  Stordal kommune har ledige stillingar som sjukepleiar:

140% stilling knytt til heimetenesta - dag og aften
125% stilling knytt til institusjon/sjukeheim Stordalstunet - natt
 
Søknadsfrist  25.08.2019.
 
Klikk "les mer"
Publisert av Siv Krokfoss. Sist endret 09.08.2019

Stordal kommune ligg ved Storfjorden i Møre og Romsdal. Kommunen byr på svært gode oppvekstvilkår, aktivt kulturliv og attraktive område for friluftsliv både sommar og vinter. Stordal er kjent for eit stort aktivitetstilbod for heile familien. Sterke kulturtradisjonar, engasjerte innbyggarar og sterk dugnadsinnsats kjenneteiknar samfunnet. 

I kommunen er det  om lag 150 tilsette fordelt på  105 årsverk. Frå 01.01.2020 slår kommunane Stordal og Norddal seg saman til Fjord kommune.
 
Stordalstunet er ein liten og oversiktleg institusjon som består av 19 institusjonsplassar med avlastningsopphald, korttidsopphald og langtidsopphald. Heimetenesta yter helse- og omsorgstenester i heile kommunen - personlig og praktisk bistand til heimebuande med ulike bistandsbehov. Det pågår no spennande utviklingsarbeid med fokus på velferdsteknologi i helse- og omsorgstenesta. 
 
Stillingane inngår i todelt turnus og arbeid kvar tredje helg. Vi vil i størst mogleg grad tilsette i heile (100%) stillingar - så langt det let seg gjere av omsyn til turnus og oppgåver. Framfor å tilby reduserte stillingar ønskjer vi heller å tilby stillingar med oppgåver i både institusjon og heimeteneste.  Vi tilbyr utfordrande og variert arbeid.
 
Arbeidsoppgåver:
• Yte gode helsetenester til våre brukarar 
• Sjukepleiefaglege oppgåver, både førebyggande arbeid og handtering av daglege og akutte situasjonar
 
Kvalifikasjonar:
• Norsk godkjent autorisasjon som sjukepleiar, gjerne med relevant etterutdanning
• Gode datakunnskaper
• Gode norskkunnskaper skriftlig og muntlig
• Førarkort klasse B
 
Personlege eigenskapar 
• Engasjert, ansvarleg og tek initiativ
• Fleksibel 
• Samarbeider godt med andre og er sjølvstendig 
• Strukturert 
• Oppdatert på eige fagområde og trivast med utviklingsarbeid
 
Personleg eignaheit til stillingane blir tillagt stor vekt.
 
Vi er opptatt av fagleg utvikling og tilbyr våre medarbeidarar gode moglegheiter for vidareutdanning gjennom stipendordning. 
 
Vi tilbyr:
• Tilsetjing-, løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• Dato for tiltreding vert sett etter avtale 
 
Mellombels tilsetting kan bli vurdert ved mangel på søkjarar med ønska kvalifikasjonar. 
 
Fleire opplysningar om stillingane får du hjå leiar på Stordalstunet Grete Kvammen Tøsse (91524226) eller rådmann Anne Berit Løset (99254459). Søknad vedlagt CV vert å sende til postmottak@stordal.kommune.no eller til Stordal kommune, Kommunehuset, 6250 Stordal. 
 
Søknadsfrist  25.08.2019.
 
   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

vår på smitaket
vår på smitaket
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS