Arbeidoppgåver
Stilling I:
Planlegging og projektleiing knytt til kommunale bygg-og anleggsprosjekt, veg, vatn og avløp.
Stilling II:
Sakshandsaming byggesaker og arbeid knytt til kommunalt brannvern.
For begge stillingane vil det til ein viss grad vere mogeleg å tilpasse arbeidsoppgåver til søkjar sine kvalifikasjonar/faglege interesser.
Kvalifikasjonar/utdanning/erfaring:
-
Relevant høgare utdanning frå høgskule eller universitet, eventuelt teknisk fagskule.
-
Det er ynskjeleg med tilleggskompetanse retta mot brannvern.
-
Kjennskap til dataverkty og lover/regelverk innan fagområdet.
-
Førarkort minimum kl B.
-
Relevant arbeidserfaring er ein fordel, men nyutdanna kan også søkje.
Personlege eigenskapar:
-
God evne til muntleg og skriftleg kommunikasjon.
-
Gode samarbeidsevner.
-
Serviceinnstilt og løysningsorientert.
-
Godt humør.
-
Personlege eigenskapar vil bli tillagt betydeleg vekt.
Tilsetting og avlønning skjer elles på dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. Det er pliktig medlemskap i KLP med 2 % pensjonstrekk.
Aktuelle søkjarar vil verte kalla inn til intervju. Tiltreding etter nærmare avtale.
For ytterlegare informasjon og spørsmål om stillingane kontakt kst. leiar ved Teknisk Etat, Trond Alstadsæter tlf 99711252.
Søknad med CV sendast til Stordal kommune, kommunehuset, 6250 STORDAL eller til postmottak@stordal.kommune.no
Søknadsfrist: 30. september 2018.
Vi gjer merksam på at CV vert nytta til utvida søkjarliste. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren bed om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, Jf. Offentleglova §25, 2.ledd.