Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Lokal datahjelp - Ein arena for deg som har spørsmål om data

datahjelp.jpg - Klikk for stort bilde Digiveke – veke 12
Gratis tilbod for innbyggjarar i Norddal og Stordal.

Tysdag 19, onsdag 20. og fredag 22. mars
kl. 1400 - 1700 på biblioteket i Valldal
Publisert av Siv Krokfoss. Sist endret 08.03.2019

 Ein arena for deg som har spørsmål om data

- Skal du kjøpe mobil, nettbrett eller PC, men er usikker på kva som er lurt?
- Har du kjøpt utstyr, men får ikkje heilt til å ta det i bruk?
- Har du spørsmål om smått og stort knytt til data?
 
Møt opp med små og store spørsmål.
 
Datamaskin og internett blir stadig viktigare for å bruke offentlege tenester – FINN DU FRAM?
 
Norddal kommune har saman med frivillige gått saman for å legge til rette slik at nye brukarar kan kome set ut på «nettet». Terskelen kan vere litt høg før ein tør seg til, og det dukkar opp mange spørsmål når ein først har skaffa seg utstyr.
 
Det blir laga til tilpassa opplegg for mindre grupper når ein får oversikt over behovet. Du kan også få personleg rettleiing på avskjerma rom.
 
Det er Magne Krogh og Kjell Rønning som vil stå for kursing og rettleiing. Dukkar det opp spørsmål undervegs, kan du ta med pc/nettbrett til servicetorget eller biblioteket og få råd der. Dei vil ev. sette deg i vidare kontakt med Krogh og Rønning om ein ikkje får løyst problemet der og då.
 
Det er viktig at du møter opp så vi får oversikt over kva det er ønskje og behov for når vi skal planlegge vidare oppfølging.
 
Tilbodet gjeld innbyggjarar både i Norddal og Stordal.
   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Rosekyrkja
Rosekyrkja
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS