Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Luftige svev og mykje anna moro

Open hall 29. des 2017 - det vart mange spektakulære svev på konkurransetrampolina - Klikk for stort bildeOpen hall 29. des 2017 - det vart mange spektakulære svev på konkurransetrampolina Hallgeir Hove

Også denne romjula arrangerte Stordalshallen sokalla "Open hall", med mange kjekke aktivitetar. Til liks med dei to foregåande åra, var det 5. juledag som var valgt ut og sjølv om om nok mange hadde lagt turen til fjells denne dagen, var det likvevel godt over 50 deltakande også denne gongen. At det er kjekt å få med seg dette, er det iallefall ingen tvil om.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 03.01.2018

Open hall 29. des 2017 - slakklinestativet vert testa ut - Klikk for stort bildeOpen hall 29. des 2017 - slakklinestativet vert testa ut Hallgeir Hove Open hall 29. des 2017- Helga og Kjell sikrar i veggen - Klikk for stort bildeOpen hall 29. des 2017- Helga og Kjell sikrar i veggen Hallgeir Hove Open hall 29. des 2017 - Lars Johan og Stig instruerer på skytebana - Klikk for stort bildeOpen hall 29. des 2017 - Lars Johan og Stig instruerer på skytebana Hallgeir Hove Open hall 29. des 2017 - gøy å bygge med dei mange ulike skumfigurane - Klikk for stort bildeOpen hall 29. des 2017 - gøy å bygge med dei mange ulike skumfigurane Hallgeir Hove

Stordalshallen har mykje spanande utstyr og når ein i tillegg har slike suverene instruktørkrefter som stiller på, ja då må det berre bli bra.

I løpet ei økt på 2 timar (1200 - 1400) kunne ein teste ut den flotte klatreveggen, ta luftige hopp på konkurransetrampolina, fyre av mot dei digitale skivene på skytebana, teste balansen på det nye slakkline-stativet, turne på team-track´n og mykje, mykje meir.

For å instruere på trampolina, hadde Frode Holtleite teke turen frå hytta i Hornindal og Steffen Staurset kom eins ærend frå Vestnes. Dei har, som kjent, flytta frå Stordal for ein del år sidan, men var begge to sentrale i oppbygginga av trampolinemiljøet. Det var stor aktivitet på trampoline får start til slutt og vi fekk sjå mange luftige og akrobatiske svev, for å seie det sånn. Skikkeleg populært!

På skytebana var Stig Falling og Lars Johan Nygård frå Stordal Skyttarlag på plass og også der var aktiviteten stor. Stilig er det naturlegvis også at ein kan få opp resultatet på skjermen, etterkvart som ein skyt, i og med at skivene er av det elektroniske slaget.

Når både Eli Søvik, Helga Øvrebust og Kjell Mulelid, instruerte i klatreveggen vart det aldri kø der og deltakarane fekk også lære litt meir om både dobbel åttetalsknute og anna interessant. Så er det rett og slett ganske så spennande å prøve å klatre til topps i den om lag 9 meter høge veggen.

Å kunne boltre seg på den 15 meter lange team-track´n er alltid stas og berre det å bygge med dei mange ulike skumapparata likeeins. Det var også laga til ei lita minigolf-bane og elles kunne deltakarane leite fram det dei ville av anna utstyr for å teste ut på eiga hand.

Nok ein gong, rettar vi ei stor takk til instruktørane som stiller på. Det er rett og slett suverent og når vi veit at det for fleire av desse er slik at dei har stilt opp frå dag 1, vert dette enkelt og greit eineståande bra. (når vi snakkar om dag 1 her, er det så langt tilbake som til 1997 det. Altså for over 20 år sidan!)

 

Førehandsreportasjen finn du her

Sjå gjerne også våre reportasjar frå tidlegare "open hall - arrangement"

Eige galleri, med mange fleire bilder også frå opplegget denne jula, finn du på Stordalshallen si facebookside

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

... med litt kraftig zoom... | Fotograf: Bjørnar Midtbust
Mosætra sett nedanfrå
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS