Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Manntal

* - Klikk for stort bilde No ligg manntalet til Stortingsvalet ute til offentleg ettersyn på kommunehuset.

Publisert av Siv Krokfoss. Sist endret 18.07.2017

Det er folkeregisteret som ligg til grunn for manntalet.

Alle stemmeberettiga personar skal manntalsførast i den kommunen der dei er registrert som busett pr. 30. juni i valåret.

Manntalet er ei oversikt over stemmeberettiga i kommunen.

Her kan du kontrollere dine eigne opplysningar, om du stend i manntalet og i kva kommune. Det er spesielt viktig dersom du nettopp har flytta til ny kommune eller kjem til å flytte i tida fram til valdagen.

Stemmerett ved stortingsvalet har norske statsborgarar som oppfyller følgjande vilkår:

 

  1. Du må fylle 18 år innan utgangen av valåret (2017)
  2. Du kan ikkje ha mista stemmeretten etter Grunnlova § 53
  3. Du er, eller har tidlegare vore ført i folkeregisteret som busett i Norge

 

Du kan kontrollere manntalet ved å møte opp på rådhuset, eller du kan ringe 70 27 91 00 eller sende epost postmottak@stordal.kommune.no . Manntallet kan ikkje leggast ut på heimesida. 

Meir om Stortingsvalet finn du på www.valg.no

 

Særleg om Sametingets valmanntal: For å kunne stemme ved sametingsvalet må du vere innført i Sametingets valmanntal.

 

 

 

 

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Me-Skotet
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS