Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Motorferdsel i utmark


All motorferdsel i utmark er i utgangspunktet forbode, jf Lov om motorferdsel i utmark og vassdrag § 3. Kommunen kan likevel etter søknad gi løyve til slik ferdsel etter særlege reglar. Søknad om bruk av motorkøyrety i utmark skal sendast kommunen, der fylgjande opplysningar skal framgå:

FøremålTidspunktOversiktskart (1:50.000) og kartskisse over trase (1:1000)
Registreringsnummer på køyrety


Vilkår:
Kommunen har høve til å setje vilkår til eit ev løyve. Dersom det i eit område alt er gjeve dispensasjon for leigekøyring, vil einskildsøkjarar normalt bli vist til denne.
Før køyring finn stad, må grunneigar gi samtykke.


Heimel:
Lov om motorferdsel i utmark og vassdrag m/føresegner.

Saksgang:
Etter gjeldande reglement er avgjerdsmynda i slike saker delegert til rådmannen. Saker av prinsipiell karakter vert å handsame/avgjere i formannskapet. Formannskapet er elles å rekne som førsteinstans i klagesaker også i saker der rådmannen har gjort vedtak. Fylkesmannen er klageinstans.

Søknad vert å sende Stordal kommune, Kommunehuset, 6250 Stordal.

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Tora Moe
Utsikt frå Mohornet
Tora Moe
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS