Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Viltforvaltning

I h.h.t. viltlova er kommunen det ”lokale” viltorganet. Andre viltorgan er departementet, Direktoratet for naturforvaltning og fylkesmannen.

Kommunen skal gi styresmakter, organisasjonar, verksemder og privatpersonar hjelp, råd og rettleiing i saker som vedkjem viltforvaltning. Kommunen handsamar og dei saker som etter lov og forskrift er lagt til kommunen til avgjerd.


Tilskot til vilttiltak: Kommunen rår over eit kommunalt viltfond som kan nyttast til tiltak for å betre viltforvaltninga, styrke kunnskapen om vilt, betre jaktorganiseringa, førebygge hjorteskadar for landbruksnæringa og legge til rette for ei betre utnytting av viltressursane.

Rovvilt - Skadedokumentasjon og rovviltkontaktnett
Når det er mistanke om at freda rovvilt har utført ein skade, må eigaren syte for at kadaveret tildekkast slik at åtseletarar ikkje kjem til.
La kadaveret ligge mest mogleg urørt. Ta bilder av kadaveret og merk funnstaden så det er lett å finne att. Beskriv funnstaden og kryss av på kart.

Ta deretter kontakt med rovviltkontakten som står oppført nedanfor.


Politisk plassering: Det er formannskapet som er viltnemnd i Stordal kommune.
Skogbrukssjefen er sekretær i viltnemnda.


Søknader, førespurnader m.v. vedk. viltforvaltninga vert å sende: Nordre Sunnmøre landbrukskontor, Rådhuset,  6240 Ørskog.

Tilsette ved landbrukskontoret
Tilsette ved landbrukskontoret
Telefon/faxNamnArbeidsområde 
70165900Sentralbord
70165912Landbrukssjef Helga FærøyStikkord: Lovbehandling (konsesjon, deling, omdisponering, forpakting, bu- og driveplikt), lokale forskrifter, Innovasjon Norge, vetrinærvaktordning, administrativt ansvar for landbrukskontoret. Plansaker og oppdatering av gardskart.E-mail
70165914Rådgjevar landbruk Sissel FlagestadStikkord: Tilskotsordningane produksjonstilskot, avsløysing ved sjukdom mv. og regionalt miljøtilskot. Jordlovsaker og erstatningsordningane.E-mail
70165915Skogbrukssjef/viltkontakt Kolbjørn Snekvik Stikkord: Skog, vegplanlegging, Nærings- og miljøtiltak i skogbruket (NMSK), viltforvaltning, innlandsfiske. Spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL). Tilskot til utsiktsrydding.E-mail
   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

I Jøssvollbotnen | Fotograf: Bjørnar Midtbust
Einebær
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS