Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Nasjonal spørjeundersøking om helse og sjukdom

Nasjonalt senter for e-helseforskning melder om følgjande i ei pressemelding 6. oktober 2019:
Innbyggjarane i Møre og Romsdal fylke deltek i ny, nasjonal undersøking om helse og sjukdom.

Frå og med laurdag 5. oktober 2019 vil tilfeldig utvalde personar i Møre og Romsdal fylke motta ein SMS kor ein blir bedt om å svare på ein kort spørjeundersøking. Det vil tek ca. 5 minutter å svare.  Les heile pressemeldinga ved å klikke på Les mer.

Publisert av Alexander Oudijk. Sist endret 08.10.2019

Norge ønskjer å redusere for tidleg død av ikkje-smittsame sjukdommar med 30 prosent innan 2030. Data frå ein ny undersøking vil gjere at helsemyndigheitene kan følgje med på utviklinga av desse sjukdommane, nemleg kreft, kols, diabetes og hjerte- og karsjukdommar.

- Livsstilsfaktorar som vekt, kosthald, fysisk aktivitet samt alkohol- og tobakksbruk er såkalla helseindikatorar. Dei kan fortelle korleis framtidig helse vil bli, forklarer professor Inger Torhild Gram ved Nasjonalt senter for e-helseforskning. Ho leiar arbeidet med den nye undersøkinga som skal foregå ved hjelp av mobilen.

- Undersøkinga «Helse og sykdom» vil gje myndigheitene viktig informasjon på ein enkel måte slik at dei kan sette i gang tiltak som betrar folkehelsa, forklarer professoren.

Frå og med laurdag 5. oktober 2019 vil tilfeldig utvalde personar i Møre og Romsdal fylke motta ein SMS kor ein blir bedt om å svare på ein kort spørjeundersøking. Det vil tek ca. 5 minutter å svare.

- Vi håper så mange som mogleg vel å svare. Det er vår framtidige helse det gjeld, og alle bidrag er kjempeviktige! understreker professor Gram.

Kontakt:

Fakta:

  • Undersøkinga Helse og sykdom er Norges første nasjonale undersøking som planlegg årleg digital innsamling av informasjon om livsstilsfaktorar.
  • Undersøkinga rettar seg mot 11.00 kvinner og men tilfeldig trekt ut frå Folkeregisteret. Personane er i alderen 16 til 69 år, frå heile landet, og har eit registrert mobiltelefonnummer.
  • Prosjektet er finansiert av Norges forskningsråd.
  • Prosjektpartnarar er Nasjonalt senter for e-helseforskning, Universitetssykehuset Nord-Norge, Healthcom AS og Institutt for samfunnsmedisin, Uit Norges arktiske universitet.
  • Store befolkningsundersøkingar i Norge: Kvinner og Kreft, Tromsøundersøkinga, Helseundersøkinga i Nord-Trøndelag, Fylkesundersøkingane, 40-årsundersøkingane og Hordalandundersøkinga.


 
 


 

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Stordalsholmen
Stordalsholmen
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS