Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Nedtellinga til årsfesten kan starte!

Årsfest 2019 - This is the end... - Klikk for stort bildeÅrsfest 2019 - This is the end...

I skrivande stund er det berre fire laurdagar att til det på ny er klart for Årsfest for Stordalshallen. Dette blir då den 22. utgåva av denne festen som alle berre må ha med seg,  nærast uansett. I år er det grenda Dyrkorn som inviterer og det er berre å gle seg. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 05.02.2019

Det er alltid slik at det er uråd å få noko ut av arrangørane, med tanke på kva det er vi vil få servert frå scena. Men om ein ser på det dei har valgt ut for å profilere årets fest med, anar vi kanskje litt om kva som kan kome til å bli tema. Utover dette ser det ut til at arrangørane fyl suksessoppskrifta frå tidlegare, der det er lagt opp til matservering om lag midtvegs i revyen og då slik at dansen startar umiddelbart etter at revyen er ferdig.

Her er fleire detaljar om Årsfesten:

Dørene og baren opnar kl 19.00. Revyen startar kl 20.00. Det blir servering av mat ca midtvegs i programmet. Umiddelbart etter revyen (kl 22.00), er det klart for dans med Party Express!

Aldersgrense på dansen er 10. klasse.

Inngangsbillett:
Program, mat og dans kr 350,-
Program og mat kr 200,-

 

I løpet av 2018 kom både ny prosjektor og elektrisk lerret på plass, noko som har bidratt til ein langt betre bildekvalitet. Dette er ikkje minst viktig for dei mange som hamnar litt lengre bak i idrettshallen under revyen.

Ei eiga hending på facebook viser - ikkje overraskande - at responsen frå publikum er god, sjølv om det altså framleis er er nokre laurdagar att til vi møtast i Stordalshallen og til fest. Det er sjølvsagt kjekt om de vil dele denne informasjonen med venner og kjente.

Eit tilbakeblikk på tidlegare Årsfestar, viser kor kjekke desse er. Sjå gjerne vår reportasje frå grenda Vinje sin Årsfest for Stordalshallen i 2018

I vårt nyhendearkiv vil du finne reportasjar frå tidlegare årsfestar, heilt tilbake til 2006 (det var då vi fekk eiga heimeside)

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Ytste-Skotet
Ytste-Skotet
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS