Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Nedtellinga til Stordalscup 2018 har starta!

Stordalscup 2017 - etter kampen mellom Ørskog og Spjelkavik  - Klikk for stort bildeStordalscup 2017 - etter kampen mellom Ørskog og Spjelkavik Hallgeir Hove

Vi nærmar oss nasjonaldagsfeiring rundt om og dermed er det også slik at det straks berre er fire veker att til ein annan stor folkefest, nemleg Stordalscup. For alle som veit kor suverent dette arrangementet er, blir det no m.a. også viktig å forsikre seg om at alle har fått ordna med påmelding til turneringa.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 11.05.2018

Stordalscup 2017 - gladiatorkamp og bumperz - Klikk for stort bildeStordalscup 2017 - gladiatorkamp og bumperz Hallgeir Hove Stordalscup 2017 - Stordalshallen - Klikk for stort bildeStordalscup 2017 - Stordalshallen Hallgeir Hove Stordalscup 2017 - Barnas cupfredag - Klikk for stort bildeStordalscup 2017 - Barnas cupfredag Hallgeir Hove Stordalscup 2017 - fornøgde jenter frå Spkl Herd - Klikk for stort bildeStordalscup 2017 - fornøgde jenter frå Spkl Herd Hallgeir Hove

Stordalscup vart arrangert for 38. gong og for dei tusenvis som får med seg dette kvart år, så veit ein at dette verkeleg er ein folkefest med eit innhald så omfangsrikt at ein knapt klarar få med seg alt.

Om du ynskjer vite meir om dette arrangementet, som fotballgruppa i Stordal IL no snart har arrangert i heile 40 år, anbefalar vi deg til å ta eit tilbakeblikk på reportasjar frå tidlegare år. Vi har også tusenvis på tusenvis av bilder, som viser kor suverent det heile er.

M.a. har vi samla dette i ei rad flotte galleri (dette er ein snarveg til dei)

Så viser vi sjølvsagt til mykje meir, også på Stordalscup si eiga facebookside!

Her er endå meir info om Stordalscup 2018

Det som hastar aller mest no, er altså å forsikre deg om at laget du spelar på, eller heiar på, faktisk har hugsa å melde seg på! Her kan du få sjekka/fiksa dette

For dei som evt ikkje er så veldig opptekne av fotball, så skal de vite at den store fotballturneringa der det plar vere med nærare 100 lag og snart 1 000 spelarar, berre er ein del av alt det som skjer og alt det ein kan oppleve. Stordalscup byr på flotte opplevingar og gode tilbod for alle, uansett om ein skal innom stadion eller ei. På heile området rundt og i Stordalshallen, er det full rulle tre dagar til endes! Ja, arrangørane snakkar om at det i løpet av ei slik helg, faktisk er nærare 7 000 besøkjande!

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Kvitlane 16.mai 2009
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS