Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Nejaføringane til topps også i år

Grendacup 2017 - Nejaføringane - Klikk for stort bildeGrendacup 2017 - Nejaføringane Ole Hove

Det vart Nejaføringane som trekte det lengste strået, då dei møtte Vinje i finalen under Grendacupen, 2. juledag. Men det måtte spelforlenging til for at det heile skulle bli avgjort. Mykje flott spel fekk vi også sjå i turneringa for dei frå 5. t.o.m 8. klasse og stemninga var god også på tribuna.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 03.01.2018

Grendacup 2017 - 5. t.o.m 8. klasse - Klikk for stort bildeGrendacup 2017 - 5. t.o.m 8. klasse Hallgeir Hove Grendacup 2017 - 5. t.o.m 8. klasse i aksjon - Klikk for stort bildeGrendacup 2017 - 5. t.o.m 8. klasse i aksjon Hallgeir Hove Grendacup 2017 - Kjetil H Tøsse - Klikk for stort bildeGrendacup 2017 - Kjetil H Tøsse Hallgeir Hove Grendacup 2017 - bra med publikum - Klikk for stort bildeGrendacup 2017 - bra med publikum Hallgeir Hove

Nejaføringane møtte eit sterkt lag frå Øvrebust, med m.a. Kjetil H Tøsse (Notodden) på laget, i semifinalen, medan Vinje møtte Liabygda. I finalen stod det 1-1 etter ordinær tid (18 minutt) etter scoringar av Geir Marius Øie (Nejaføringane) og Kenneth Søvik (Vinje). Askerguten, Espen Skyseth Olsen, vart matchvinner då han sette ein cornerinnlegg kontant i mål, eit stykke ut ekstraomgongen. Dermed seier til Nejaføringane, slik det også vart i 2016.

Før turneringa for dei vaksne, hadde også dei yngre spelarane vore i sving. Det var fire lag med i aldersgruppa 5. t.o.m 8. klasse og også då var det godt med publikum på tribuna.

Robin Aasen, Stein Are Sæter, Geir Marius Øie og Ole Hove skal ha ros for innsatsen sin i høve arrangementet og bidrog på dette viset til at også den 22. utgåva av Grendacupen kom vel i hamn.

Sjå eigen førehandsreportasje for mykje meir om Grendacupen

På Stordalshallen si facebookside finn du fleire bilder frå Grendacup 2017

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Haust på Mosætra
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS