Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Fotograf: Magne Staurset
Idyllisk både på og rundt Øyestølen fotograf Magne Staurset
Fotograf: Magne Staurset
Per Anker Vad las m.a. «Vårvon» av Per Sivle fotograf Magne Staurset
Fotograf: Magne Staurset
Kenneth Kamp framførte m.a. kjærleiksdikt av Rudolf Nielsen fotograf Magne Staurset
Fotograf: Magne Staurset
Ann Karin Rudi kalla fram latteren med det korte, humoristiske diktet «nerver» av Gene Dalby. fotograf Magne Staurset
Fotograf: Hallgeir Hove
Aase Pernille Gerde framførte barnedikt fotograf Hallgeir Hove

Ny flott stubbediktvandring!

Søndag 21. juni var det stubbediktvandring i Stordal. Turen gjekk til Øyestølen i Ekrelia, og turfølget på om lag 30 personar hadde følgje av sola som skein frå ein blå, blå himmel.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 25.06.2015

Den gamle setervegen opp til Øyestølen går langs med ei majestetisk elv med mektige juv, og diktdeklamasjon i det grøne, akkompagnert av brusen frå elva var ei storslått oppleving.
Stubbediktvandring skal vere lett å gå, og difor vart det lagt inn ei strategisk pustepause etter den bratte bakken nedst nede. Der las Kenneth Kamp, med stor innleving, kjærleiksdikt av Rudolf Nielsen.

Lenger opp i stien vart det ei diktpause ved elva, og då høvde det godt at Ingrid Løset las «på fiske» av Stein Mehren. Per Anker Vad deklamerte «Den gamle grendi» av Ivar Aasen, og kunsten å formidle ein gammal klassikar, den meistra han til fulle.

Aase Pernille Gjerde las «Eg hogg ned den gamle apalen» av Olav H. Hauge. Dagens debutant var Ann Karin Rudi, og ho kalla fram latteren med det korte, humoristiske diktet «nerver» av Gene Dalby. Etterpå framførde ho det vakre diktet «Kor livet fell» av Olav H. Hauge. Kenneth Kamp avslutta denne bolken med eit dikt av Karin Boye.

Ein kjempestor stein måtte berre vere scene for neste diktdeklamasjon. Kenneth Kamp og Ann Karin Rudi tok biblioteksjefen si utfordring om å deklamere dikt frå toppen av steinen. Dei las følgjesvis «Eg ser inn i augo dine» av Haldis Moren Vesaas og «Mogn» av Hilde Myklebust. Vi andre fann det best å ha føtene på fast grunn. Ingrid Løset las «Morgenglede» av Jan Magnus Bruheim. Bibliotekfolk har ofte eit spesielt forhold til barnedikt, og både Aase Pernille Gjerde og Bjørg Moltu hadde her valt litt humoristiske barnedikt som høver godt også for vaksne. Per Anker Vad baud på nok ein klassikar før vi vandra vidare, «fyrestev» av Ivar Aasen.

Det er ei eiga stemning på gamle stølar, og på Øyesetra var det godt å vere. Biblioteksjef Bjørg Moltu las her litt frå Stordal sogelag sine skrifter. Magne Staurset, som til vanleg spelar på tangentar og blåseinstrument, synest at det var litt mindre baskasamt å ta med munnspelet til fjells. Han spelte dei vakre melodiane «Vårsøg» og «Fløytelåt». Knut Hove greip publikum sterkt med eit dikt av Sara Seljebotn. Sterkt var det også då Ingrid Løset las diktet «Steingjerdet» av Paal Helge Haugen. Både Ingrid og fleire av tilhøyrarane minnest somme av dei som hadde sitt arbeid på stølen. I skuggen frå ei busk som gav skygge til eit nettbrett, las Kenneth Kamp to sjølvskrivne dikt, og det eine diktet vart urframført på Øyesetra denne sundagen. Per Anker Vad las «Vårvon» av Per Sivle.

Det var ei flott og innhaldsrik stubbediktvandring. Mange av deltakarane ynskte og å få med seg konserten i Stordalshallen same kveld, og for arrangementet «stubbedikt» er det eit heidersteikn at så mange nok la opp til begge deler. Tidskjema heldt så vidt.

«Stubbedikt» er ein del av prosjektet «biblioteket i farta» som mellom anna er støtta av Nasjonalbiblioteket, fylkesbiblioteket og Sparebanken Møre. Mental Helse i Stordal var medarrangør for denne stubbediktvandringa.

Det vert ny stubbediktvandring 16. august. Då går turen til Jassvollbotn. Vi er så heldige at vi får køyre skogsvegen opp, så då vert det ein lett tur framover i Jassvollbotnen.

Velkomen skal du vere.

Sjå gjerne også vår førehandsreportasje for meir om tidlegare flotte stubbediktvandringar

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Grønnfjord
Grønnfjord
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS