Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Ny oversikt over trenings-, øvings- og opningstider klar

Stordal Fjellservice tilbyr nypreparerte løyper nærast kvar dag - Klikk for stort bildeStordal Fjellservice tilbyr nypreparerte løyper nærast kvar dag Hallgeir Hove

Då kan vi presentere ei ny oversikt over mange av tilboda innan kultur og idrett i Stordal kommune og då også slik ein kan sjå når ein kan få det med seg. Perioden vi er inne i no opnar sjølvsagt også opp for ekstra mange tilbod knytt til vinter og snø og som kjent har vi også der mykje å by på.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 03.05.2018

Skiløypa passerer Fokhaugstova, med Overøyestolen og Arena Overøye i bakgrunnen - Klikk for stort bildeSkiløypa passerer Fokhaugstova, med Overøyestolen og Arena Overøye i bakgrunnen Kristian Almås Folkedansgruppa har også starta opp att, etter nyttår - Klikk for stort bildeFolkedansgruppa har også starta opp att, etter nyttår Randi Flø (Storfjordnytt) Det blir også mykje futsal i Stordalshallen framover vinteren - Klikk for stort bildeDet blir også mykje futsal i Stordalshallen framover vinteren Hallgeir Hove Arena Overøye - trasear og heiser - Klikk for stort bildeArena Overøye - trasear og heiser

Til liks med tidlegare, syner oversikta over trenings-, øvings- og opningstidene ei imponerande mengde med flotte aktivitetstilbod. I tillegg til det vi har fått med i oversikta, viser vi også til ei rad flotte heimesider, der ein finn endå meir.

Sjølvsagt høyrer det også med å vise til vår kulturkalender der ein del av dei mange arrangementa framover, også vert presentert.

 

Sjå oversikta over trenings-, øvings- og opningstidene som eigen pdf (PDF, 106 kB)

 

 

Treningar/øvingar som går ut
Vi minner også om at det for Stordalshallen sin del, vert arbeidd ut ei oversikt over treningar og øvingar som må vike, pga arrangement, besøk frå grupper utanfrå, eller anna. Slik oppdatert oversikt vil vere å finne same stad som oversikta over trenings- og øvingstidene. No er det sjølvsagt aldri kjekt å oppleve at ein mistar treningar/øvingar pga slikt, men samstundes håper ein at alle let seg glede over det enorme aktivitetsnivået ved Stordalshallen og at vi er førstevalet, når m.a. øvingshelgar, treningssamlingar o.l. skal gjennomførast. Ja, faktisk er det blitt slik at vi dessverre må seie nei til mange av dei som ynskjer å kome, nettopp fordi det alt er reservert til andre. For å halde seg oppdatert på kva treningar/øvingar som vert råka på pga slik utleige, er det viktig at ein også fyl med på dette. Sjå oversikta nedst på sida her! (denne blir oppdatert med jamne mellomrom, slik ein skal kjenne til dette god tid i førevegen)

 

Oversikt over treningar og/eller øvingar i Stordalshallen, som vert påvirka av dei mange arrangementa og besøka der (PDF, 109 kB) (januar t.o.m mars 2018) Ver obs på at denne oversikta vil kunne bli utvida etterkvart.

Oversikt over treningar og/eller øvingar, som vert påvirka av arrangement o.l. i april og mai 2018 (PDF, 108 kB)

Oversikt over treningar og/eller øvingar, som vert påvirka av arrangement o.l. i april og mai 2018 pr 3. mai (PDF, 108 kB)

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Talberg
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS