Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Nye kurs i data og biletredigering!

Mental Helse Stordal er særs aktive, og no er det klart for nye kurs både for nybegynnarar i data og  biletredigering.
Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 09.02.2012
Fotograf: Mental Helse Stordal
Å lære seg å bruke data er inga sak! fotograf Mental Helse Stordal

Då det rett og slett ikkje var plass til alle på det første datakurset som starta opp, vil Mental Helse Stordal no starte opp med eit nytt kurs.

I 2011 arrangerte dei også kurs i biletredigering, og no vil dei i samarbeid med Norddal Husflidslag arrangere nye kurs også med dette temaet. Det blir både for nybegynnarar og vidarekomne.

Kursa vert arrangert på Stordal frivilligsentral, og mellom kurskveldane vil det bli lagt opp til treningsdagar ved frivilligsentralen. Sjå oppslag om kursa nedst på sida.

Vi oppmodar alle til å få med seg meir om alt det Mental Helse Stordal utrettar for tida. Besøk difor den flotte nettsida til laget HER

Aktivitetane ved Stordal Frivilligsentral er også mange og ein vil igjen minne om at det er råd å halde seg oppdatert på dette også på sentralen si facebookside. Den finn du HER. (ser at det er 30 personar som likar den sida så langt og det er grunn til å tru at det eigentleg er langt fleire som bør gjere det)

 
   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
17.mai gamlekyrkja
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS