Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Høyring - Dispensasjon frå kommuneplan for etablering av fiskeoppdrett ved Smineset og Urdaneset i Stordal kommune

Stordal kommune - kommunevåpen - Klikk for stort bilde Norsk Sjømat Oppdrett AS søker Stordal kommune om dispensasjon frå kommuneplanens arealdel for å kunne etablere akvakulturanlegg. Det gjeld Smineset ved Dyrkorn og Urdaneset (ved Knurrestøa).

Høyringsfrist: 2. oktober 2019

Klikk på Les mer for å sjå heile artikkelen og vedlegga.

Publisert av Alexander Oudijk. Sist endret 12.09.2019

Ved Smineset har det tidlegare vore gitt dispensasjon til akvakulturføremål. Her har vore aktiv drift og Smineset var i Fiskeridirektoratet sitt register fram til 28.04.11. Lokaliteten er derfor ledig.

Rett sør for lokaliteten Urdaneset nord har det tidlegare vore gitt løyve til matfiskoppdrett, men lokaliteten vart aldri tatt i bruk. Fiskeridirektoratet hadde denne i sitt register fram til 20.12.11, og er å sjå som ledig.

Stordal kommune vil ta stilling til dispensasjonssøknaden snararst råd, og ber om at eventuelle uttaler til behandlinga er oss i hende innan 2. oktober 2019.  

Uttaler/merknader sendast til postmottak@stordal.kommune.no eller til Stordal kommune, Stordalsvegen 550, 6250 Stordal innan 2. oktober 2019. Ved spørsmål send e-post eller ring Stordal kommune 70 27 91 00.

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Arnt Flatmo
Panoramautsyn frå Ådalstinden.
Arnt Flatmo
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS