Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Ola Stavseng med monument over møbelindustrien

Skulptur møbelindustriarbeider - skisse - Klikk for stort bildeSkulptur møbelindustriarbeider - skisse Ola Stavseng

Stordal sin eigen biletkunstnar, Ola Stavseng, har fått i oppdrag å utarbeide ei skisse til ein skulptur som skal vere eit monument over den sterke møbeltradisjonen i Stordal - frå den handverksmessige starten og fram til dagens moderne møbelindustri.

 

 

 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 14.12.2017

Skulptur møbelindustriarbeider - skisse - Klikk for stort bildeSkulptur møbelindustriarbeider - skisse Eva Hove Skulptur møbelindustriarbeider - kommunstyremøte 31. mai 2017 - Klikk for stort bildeSkulptur møbelindustriarbeider - kommunstyremøte 31. mai 2017 Eva Hove

På møte i kommunestyret den 31. mai, presenterte Stavseng skissa si og politikarane var begeistra for den måten kunstnaren hadde løyst oppdraget. Kommunestyret bad ei eiga nemnd oppretta, om å arbeide vidare med tanke på å reise midlar til finansiering av skulpturen. Skulpturen er meint plassert på Allmenningen.

Sjå fin reportasje i Storfjordnytt frå 12. juni 2017

Ola Stavseng er altså valgt ut til dette oppdraget. Dette er naturlegvis ikkje tilfeldig, i og med at han er Stordal sin anerkjente bilethoggar og skulptør. Stavseng har ein imponerande CV og kan vise til den eine storslåtte skulpturen, etter den andre. Ein av dei siste han har stått bak, er skulpturen av Ragnar Ulstein i Ulstein kommune. Her er nokre reportasjar som kan stå som dømer :

Bronsebyste av Ragnar Ulstein (NRK)

Ulsteinbyste klar for avduking (NRK)

Reportasje i Sunnmørsposten, april 2016

Nasjonalmonumentet over Englandsfarten 1940-1945

Ola Stavseng sin CV syner at han er ein av landets fremste skulptørar. Med Ola på plass, har vi også fått ein som kjenner både møbelhistoria og historia til Stordalssamfunnet elles, betre enn dei fleste. M.a. var det hans far, som tok med seg høvlebenken sin på slede over fjellet frå Liabygda og til Stordal og starta opp det som i dag er blitt til Stordal Møbel.

Stavseng kjenner også den sterke dugnadsånda som er eit særtrekk ved kommunen vår. Omgrepet «dugnadskommunen», er ikkje reint sjeldan nytta, når Stordal vert omtala. Også dette er noko Stavseng har tankar om å få synleggjort når han skal utforme skulpturen. I vårt kommunevåpen er det treverk som er limt saman ved hjelp av sinking. Ein tradisjonsrik måte å lime treverk saman på. Dette symboliserer i høgste grad også samhald og det å bygge lokalsamfunnet saman.

Nemnda, som er samansett av ordførar Eva Hove, Magne Tøsse frå Næringslaget, Håvard Olsen frå fagforeninga Energi Industri, John Kristian Hjelle frå Sogelaget, kulturkonsulent Hallgeir Hove og initiativtakar May Britt Stavseng, vil no starte arbeidet med å skaffe pengar slik at dette kunstprosjektet kan realiserast.

Det er sjølvsagt å håpe at mange vil bidra med store og små bidrag til dette!

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Liv Gunvor Hove Midtbust
Mebu har fått besøk
Liv Gunvor Hove Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS