Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Transporttenesta for funksjonshemma - revidert utgåve pr 01.08.2017

Rullestolbrukar møter hinder - Klikk for stort bilde

Samferdselsutvalet i Møre og Romsdal har i møte 21.oktober 2015 vedteke nye retningsliner for transporttenesta for funksjonshemma i Møre og Romsdal.


Frå 2018 vil EU si forordning for personvern, bli norsk lov. Det betyr at vi får nye reglar for personvern og databehandling i Noreg.I den samanheng er det frå 01.08.2017 gjort nokre endringar/ tilpassinga i retningslinene og søknadsskjemaet for TT- ordninga.

 

Nye retningsliner, erklæring og søknadsskjema pr. 01.08.2017, finn du på linkane nederst på denne sida.

 

Publisert av Randi Holmen Vestre. Sist endret 28.09.2017

Transporttenesta er eit tilbod til funksjonshemma personar som er varig forflyttingshemma på grunn av fysisk eller psykisk funksjonshemming. Personar med varig livslang forflyttingshemming har første prioritet.

Funksjonshemminga må vare i minst 1 år for at søkjar skal kunne godkjennast. Graden av forflyttingshemming skal leggjast til grunn ved vurdering av søknad, ikkje type funksjonshemming eller alder. Transporttenesta er ikkje meint å vere ei erstatning for eventuelt manglande busstilbod eller til dømes lang veg til haldeplass eller avsidesliggande bustad.

Det er Fykeskommunen som fastset kor mange personar som kan godkjennast som brukarar av transporttenesta i kvar kommune. Kommunen kan prioritere ein søkjar framfor ein annan søkjar, og søkjarar kan plasserast på venteliste.

Transporttenesta er eit tilbod om “dør til dør” transport med drosje eller med småbuss spesielt utstyrt for å transportere funksjonshemma. Transporttenesta er mest eit tilbod om fritidsreiser. Transporttenesta skal ikkje nyttast ved reiser som blir betalt av andre, t d reiser til/frå lege betalt av folketrygda (NAV). Eigendelen ved slike reiser skal ein betale sjølv som andre pasientar.

Kommunen godkjenner personane etter søknad på fastsett søknadsskjema og inannfor ramma av fylkeskommunen sitt fastsette brukartak. Person som er godkjend som TT-brukar i anna fylke, må søkje om ny brukargodkjenning ved flytting til Møre og Romsdal.

Person som er godkjend som TT-brukar i Møre og Romsdal, men som flyttar innanfor fylket, treng ikkje å søkje på nytt. Brukaren vert å registrere som brukar i sin nye heimkommune.

Endringane frå 1. november 2015 omfattar:

  • Fjerning av aldersgrensa på 67 år
  • Forløpande opptak av nye brukarar
  • Utnulling av tildelt beløp berre ein gong i året

Endringar frå 01. august 2017 :

Tillegg i punkt 3.1:

 - For at søknad skal bli behandla, må søkaren samtykke til at Møre og Romsdal fylkeskommune, ved kommunal instans for godkjenning (bustadkommune), kan behandle dei opplysningane som går fram av søknadsskjema med vedlegg.

Samtykket vil gjelde for dei framtidige turdata som blir registrert i samanheng med bruk av tenesta, dersom søknaden blir godkjent.

 - I søknadsskjemaet er det på siste side lagt til eit samtykke om behandling av personopplysningar.

Denne boksen vere avkryssa for at ein skal kunne få behandla søknaden.

 

Kontaktperson: Omsorgsleiar Else Midbust - tlf. 70 27 91 64 - e-post: else.midtbust@stordal.kommune.no

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Breidablikfesten 28. oktober 2017 - måleriet
Breidablikfesten 28. oktober 2017 - måleriet
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS