Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Fotograf: Hallgeir Hove
Ragnhild slik vi er blitt så vande med å sjå ho, introdusere borna som ho har så inderleg kjær fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Då barnekoret feira 10 år, mottok Kirsti og Raghild kvar sin engel, som takk for den enorme innsatsen deira fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Ragnhild i lag med Charis, i NRK-studio i samband med utgjeving av jule-CD fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Elin Parr
Cover-foto til jule-CD. Det er også laga ei lita bok til denne, som også er i salg fotograf Elin Parr
Fotograf: Hallgeir Hove
Borna har fått lære mykje meir enn å synge! fotograf Hallgeir Hove

Ragnhild Fauske tildelt Stordal kommune sin kulturpris

Stordal kommune sin kulturpris vert delt ut annankvart år og det skal ikkje vere tvil om at dette er ein pris som heng særs høgt. At Ragnhild Fauske er ein verdig mottakar av prisen, er det heller ingen tvil om.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 27.11.2015

Det er all grunn til å slå fast at ein pris som denne, heng særs høgt i ein kommune der det skjer så utruleg mykje flott innan nettopp kulturfeltet. Mange legg ned eit imponerande arbeid, noko som også gjer det vanskeleg når ein skal velje ut og heidre ein, eller fleire, av disse i form av ei slik tildeling.  Sjå gjerne tidlegare reportasjar, der ein også ser kven som har motteke prisen fram til no

Når Ragnhild Fauske no er tildelt Stordal kommune sin kulturpris for 2015, er dette først og fremst med bakgrunn i den store innsatsen ho har lagt ned som leiar for Stordal Barnekor i ei årrekkje. Det er sterke kortradisjonar i Stordal og då ikkje minst knytt til Stordal bedehus, der blandakoret Tonika også har sitt utspring. Men også blant dei unge har koraktiviteten vore stor, der vi frå tidlegare kjenner til kor som "Unge Røyster" og "Gosplus". Det er mange som har lagt ned stor innsats i dette arbeidet og to av desse, Marna Overøye og Kirsti Almås mottok kulturprisen i 2005, nettop på bakgrunn av dette. Endå tidlegare kjenner vi også til at m.a. Karin Holt la ned stort arbeid.

Men dei siste 16 åra, er det rett å hevde at det er Raghild Fauske som har vore "primus motor" for barnekoret, sjølv om ho har hatt fleire gode medhjelparar. Stordal Barnekor vart altså stifta i 1999 og feira flott 10 års jubileum i 2009

I Stordal barnekor byrjar dei gjerne synge omtrent like tidleg som dei lærer å gå og etterkvart som jentene er blitt eldre (for det var lenge berre jenter med..) har det "dukka opp" nye kor, med utspring frå barnekoret. Koret Charis "såg dagens lys" for fire, fem år sidan (der dei fem medlemmane er frå 15 til 17 år). Jentene i denne gruppa ser ein elles att på scena i mange andre ulike samanhengar, anten det er i samband med UKM eller på andre konsertar. Det er liten tvil i at vi har mykje å takke Ragnhild for. Dei to siste åra har vi også hatt gleda av å få oppleve Aletheia (jentene der er i alderen 12 – 14 år). Charis mottok kulturstipend i 2014, medan Alteheia nyleg har vore med på stor kor-festival i Oslo. Både Charis, Aletheia og Stordal Barnekor, var elles med på den supre CD´n som vart gitt ut i 2013. I desse førjulstider, bør denne vere eit must! Det er stadig like stor interesse for å vere med på korøvingane til Ragnhild og etterkvart har det gledelegvis også kome med fleire gutar. Sidan oppstarten er det ikkje få som har hatt gleda av å få vere med i kor og det er også klart at det har gitt dei mykje. I tillegg til alt dei har lært når det gjeld song, har dei også tileigna seg leiarerfaring, t.d. ved at dei eldste får ansvar overfor dei litt yngre. No veit vi sjølvsagt at born og unge i Stordal lærer fort, men det må også vere rett å hevde at det er ekstra imponerande kor raskt - og kor mykje -medlemmane i barnekoret lærer. At Ragnhild må ta på seg mykje av æra for dette, bør også vere opplagt. Det er stadig like stor interesse for å vere med på korøvingane til Ragnhild og etterkvart har det gledelegvis også kome med fleire gutar.

I løpet at alle desse åra, har Ragnhild gått i bresjen for å sette opp årvisse musikalar (som t.d. «Daniel i løvehola»), vi har fått oppleve musikalske påskevandringar kvart einaste år, vi har alltid gleda av å få oppleve barnekoret, Charis og Aletheia både i samband med 17. mai, under førjulskonsertane i Stordal kyrkje (der m.a. «Se, så fin» berre vere med!) og i mange andre samanhengar. Medlemmane i koret har også i alle år fått vere med på å samle inn pengar til vanskelegstilte i andre land. 

Ragnhild har ikkje minst også teke med seg desse kora utanfor kommunegrensene anten det er i form av korhelgar på Lepsøy, Brusdalsheimen, Orreneset, eller andre stadar. Kora haustar lovord alle stadar dei ferdast og dei er verkeleg gode ambassadørar for Stordal, Barnas kommune!

Vi nemner gjerne også at Ragnhild har vore leiar i sogenemnda i Stordal kommune dei siste
fire åra. Der har ho m.a. også fått gleda av å vere med på det store intervjuprosjektet der eldre i Stordal kommune fortel om korleis livet arta seg i då dei var yngre (når det går mot juletider no, kan det absolutt vere kjekt å kunne sette seg ned og nyte ein del av desse intervjua)

Prisvinnaren vil med det første motta sjekk på kr 5.000,-, eigen diplom som synleg bevis og sjølvsagt vel fortjente blomster.

Vi nyttar høve til å takke Ragnhild for den imponerande innsatsen ho har lagt ned innan kulturområdet i Stordal og gratulerer med vel fortent pris!

Sjå gjerne også endå fleire bilder av Ragnhild og barnekoret hennar, i eige galleri på Barnas kommune

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Korsadal
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS