Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Fotograf: Kristian Almås
Stordal Bygdetun fotograf Kristian Almås
Hallgeir Hove
Hallgeir Hove er dagleg leiar for Stordalshallen og kulturkonsulent.
Fotograf: Hallgeir Hove
Bjørg Moltu er bibliotekar ved Stordal bibliotek. fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Bjørg Jacobsen er folkehelsekoordinator og leiar for frivilligsentralen. fotograf Hallgeir Hove

Kulturavdelinga

Kultur er eit allsidig omgrep og inkluderar kulturvern og formidling, aktivitetar/tilskipingar, idrett og friluftsliv, barne- og ungdomsarbeid, frivillig lagsliv, institusjonar, tilskotsordningar, den kulturelle skulesekken, bygdebok og ivaretaking av historie og tradisjonar.
Forvaltning av museum, kulturminne og bygningsvern etter kulturminnelova, er lovpålagde oppgåver.

Stordal kommune har eit variert og rikt engasjement innanfor kultursektoren, noko som ein håper skal gjere det attraktivt å bu og arbeide i kommunen.
Eit mål med kommunen sin kulturpolitikk er å vere med å utvikle den viktige ressursen som ligg i det friviljuge kulturarbeidet.

Føremål

  • Innbyggjarane skal ha høve til sjølv å ta del i aktivitet og opplæring innan ulike kulturområde.
  • Innbyggjarane skal ha høve til å å syne fram/utøve kulturaktivitetane sine til inspirasjon for seg sjølve og andre.
  • Innbyggjarane skal få jamnleg møte med kultur og utøvarar på eit høgt nivå innan ulike kulturområde.
  • Innbyggjarane skal få høve til å verte kjende med si eiga lokalhistorie og nærmiljøet sitt.
  • Koordinerande kontakt til lag og organisasjonar for utvikling av aktivitet og utbygging av anlegg for kultur og idrett.

Tenester/ seksjonar / arbeidsoppgåver

  • Dagleg leiing og koordinering av det kulturfaglege arbeidet i kommunen
  • Kulturkontoret
  • Biblioteket
  • Stordalshallen
  • Frivilligsentralen
  • God Helse - prosjektet
  • FYSAK
  • Barnas kommune - prosjektet
  • Ungdomsklubben
  • Idretts- og kulturanlegg
  • Friluftsliv
  • Museum
  • Teater
  • Kunst
  • Kulturminne
  • Grupper med spesielle behov
  • Tilskotsordningar frå fylke og stat
  • Ungdomen si kulturmønstring

Stordal kulturskule er organisasjonsmessig plassert inn under Stordal skule og det er rektor der som også er rektor for kulturskulen. Skulen har også ansvaret for det som gjeld "Den kulturelle skulesekken".

For meir detaljar om det kulturavdelinga femnar om, syner ein til dei ulike underpunkta på nettsida vår under fana: "Nytt frå kultur og fritid." Der finn ein også eigen kulturkalender som vert utarbeidd kvartalsvis. Oversikt over trenings-, øvings- og opningstider finn du også der.

Stadig fleire lag og organisasjonar har oppretta eigne heimesider. Der finn ein også mykje informasjon om det rike kulturlivet i kommunen. Stordalshallen har også eiga heimeside og der finn ein også mykje kulturstoff. (sjå linkar nedanfor)

Kulturkonsulent/dagleg leiar Stordalshallen
Kulturkonsulent/dagleg leiar Stordalshallen
Namn:E-post:Telefon:
Hallgeir Hovehallgeir.hove@stordal.kommune.no90 94 93 58
Folkehelsekoordinator/leiar frivilligsentralen
Folkehelsekoordinator/leiar frivilligsentralen
Namn:E-post:Telefon:
Bjørg Jacobsenbjorg.jacobsen@stordal.kommune.no90 52 91 64
Bibliotekar/prosjektleiar Barnas kommune
Namn:E-post: Telefon:
Bjørg Moltubjorg.moltu@stordal.kommune.no702 79 190 / 93 20 13 67
   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
17.mai gamlekyrkja
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS