Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Sjukepleiar i Stordal kommune

Ledig stilling 3 - Klikk for stort bilde Stordal kommune har ledig følgjande stillingar (fast) i sjukeheimen (Stordalstunet).
 

A. Sjukepleiar (100%; dag/aften)
B. Sjukepleiar (75%; natt)
- Søknadsfrist 12.08.2018
 

Publisert av Siv Krokfoss. Sist endret 13.07.2018

sjukepleier - Klikk for stort bilde Stordal kommune tilbyr spennande og varierte omsorgsoppgåver og ein arbeidsplass, der ein har stor fridom til å bidra i å skape gode helsetenester for våre brukarar. Å jobbe med helsefremjande og førebyggjande tiltak, samt helsefagleg behandling, spesifikke
sjukepleiefaglege oppgåver og handtering av akutte situasjonar, er kjent terreng for deg.


Vi har ein arbeidsplass der vi ønskjer å sjå og oppmuntre kvarandre. Du får ein jobb du kan føle deg trygg i.

Du er engasjert, ansvarsfull og likar å ta initiativ. Du er serviseinnstilt og er flink til å jobbe sjølvstendig. Samstundes veit du kor viktig det er å jobbe i lag med andre, med kollegaer, men også tverrfagleg. Du bidrar aktivt til eit sosialt miljø, du inspirerer og er eit godt forbilde.Du er fleksibel. Våre avdelingar innan pleie og omsorg er ikkje så store og hos oss er det ein god praksis å bidra/at vi bidrar ved behov på andre avdelingar og skaper ein god kvardag for alle våre brukarar ( i lag).

Vi er opptatt av fagleg utvikling og tilbyr våre medarbeidarar gode moglegheiter til å
vidareutdanne seg. Vir har ein stipendordning som legg til rette for at du kan studere i
arbeidstida og får ein god moglegheit for eigenutvikling.

Du har helsefagleg autorisasjon. Vi legg vekt på arbeidserfaring og vidareutdanning.
Du må kunne kommunisere godt, både skriftleg og munnleg. God norsk kommunikasjon, tilsvarande nivå B2 er krav for fast tilsetting. I tillegg til førarkort kl. B må den som vert tilsett legge fram gyldig politiattest.

Dato for tiltreding etter avtale. Midlertidig tilsetting kan bli vurdert ved mangel på søkjarar
med ønska kvalifikasjonar. Ledig stilling, i utlysnings- og tilsettingsperioden eller grunna
intern omplassering, kan bli gitt tilbod om ved tilsetting.

Tilsetjing-, løns- og arbeidsvilkår jf. gjeldande lov- og avtaleverk. Fleire opplysningar om
stillinga får du hjå avdelingsleiar på Stordalstunet Grete Kvammen Tøsse (70279160).
Søknad vedlagt CV vert å sende til postmottak@stordal.kommune.no eller til Stordal
kommune, Kommunehuset, 6250 Stordal.
CV vert nytta som utvida søkjarliste. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om
søkjaren bed om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jf. Offentleglova § 25 2.ledd.
Søknadsfrist 12.08.2018.

Stordal kommune ligg ved Storfjorden i Møre og Romsdal. Kommunen byr på svært gode
oppvekstvilkår, eit aktivt kulturliv og attraktive område for friluftsliv både sommar og vinter.
Stordal er kjent for eit stort aktivitetstilbod for heile familien.Sterke kulturtradisjonar, engasjerte innbyggarar og sterk dugnadsinnsats kjenneteiknar samfunnet.

Det er om lag 150 tilsette i kommunen fordelt på ca. 105 årsverk. Kommunen har eit vidt
interkommunalt samarbeid. Stordal og Norddal kommunar har gjort vedtak om å slå seg
saman til ein ny kommune frå 01.01.2020.

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Stordalselva
Stordalselva
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS