Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Sjukepleiarar - Stordal kommune

Ledig stilling 3 - Klikk for stort bilde  Stordal kommune har fleire ledige stillingar som sjukepleiar – inntil 340% stilling. Det er ledige stillingar både på  institusjon/sjukeheim (Stordalstunet) og i heimetenesta. 

Søknadsfrist  21.07.2019.

 

Klikk "les mer"

Publisert av Siv Krokfoss. Sist endret 27.06.2019

sjukepleier - Klikk for stort bilde Stordal kommune ligg ved Storfjorden i Møre og Romsdal. Kommunen byr på svært gode oppvekstvilkår, aktivt kulturliv og attraktive område for friluftsliv både sommar og vinter. Stordal er kjent for eit stort aktivitetstilbod for heile familien. Sterke kulturtradisjonar, engasjerte innbyggarar og sterk dugnadsinnsats kjenneteiknar samfunnet. 

I kommunen er det  om lag 150 tilsette fordelt på  105 årsverk. Frå 01.01.2020 slår kommunane Stordal og Norddal seg saman til Fjord kommune.
 
Stordalstunet er ein liten og oversikteleg institusjon som består av 19 institusjonsplassar med avlastningsopphald, korttidsopphald og langtidsopphald. Heimetenesta yter helse- og omsorgstenester i heile kommunen - personlig og praktisk bistand til heimebuande med ulike bistandsbehov. Det pågår no spennande utviklingsarbeid med fokus på velferdsteknologi i helse- og omsorgstenesta. 
 
Det totale ressursbehovet utgjer til inntil 340% stillingar med todelt turnus og arbeid kvar tredje helg. Vi skal dekke vakter både dag, kveld og natt.  
 
Stordal kommune tilbyr utfordrande og varierte oppgåver.  
 
Arbeidsoppgåver:
• Yte gode helsetenester til våre brukarar 
• Sjukepleiefaglege oppgåver, både førebyggande arbeid og handtering av daglege og akutte situasjonar
 
Vi vil i størst mogleg grad tilsette i heile (100%) stillingar - så langt det let seg gjere av omsyn til turnus og oppgåver. Ei av stillingane er direkte knytt til heimetenesta. Framfor å tilby reduserte stillingar ønskjer vi heller å tilby stillingar med oppgåver i både institusjon og heimeteneste.  
 
Kvalifikasjonar:
• Norsk godkjent autorisasjon som sjukepleiar, gjerne med relevant etterutdanning
• Gode datakunnskaper
• Gode norskkunnskaper skriftlig og muntlig
• Førarkort klasse B
 
Personlege eigenskapar 
• Engasjert, ansvarleg og tek initiativ
• Fleksibel 
• Samarbeider godt med andre og er sjølvstendig 
• Strukturert 
• Oppdatert på eige fagområde og trivast med utviklingsarbeid
 
Personleg eignaheit til stillingane blir tillagt stor vekt.
 
Vi er opptatt av fagleg utvikling og tilbyr våre medarbeidarar gode moglegheiter for vidareutdanning gjennom stipendordning. 
 
Vi tilbyr
• Tilsetjing-, løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk.
• Gode pensjons- og forsikringsordningar - SPK
• Dato for tiltreding vert sett etter avtale. 
 
Mellombels tilsetting kan bli vurdert ved mangel på søkjarar med ønska kvalifikasjonar. 
 
Fleire opplysningar om stillingane får du hjå leiar på Stordalstunet Grete Kvammen Tøsse (70279160). Søknad vedlagt CV vert å sende til postmottak@stordal.kommune.no eller til Stordal kommune, Kommunehuset, 6250 Stordal. 
 
Søknadsfrist  21.07.2019.
 
   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Tora Åmodt Moe
Gapahuk Mosætra okt 2013
Tora Åmodt Moe
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS