Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Publisert 07.08.2019
skulestart.png

Måndag 19.august kl. 08.30 i grendasalen.

Alle "gamle" elevar er hjarteleg velkomne – og nye førsteklassingar m/foreldre er spesielt velkomne J

Publisert 20.05.2019
Skulerute 2019-2020.jpg

* Administrasjonen skal kartlegge behovet for SFO-tilbod på fredag 27.12 og måndag  30.12 i romjula.
Dette vil vere kjøpeplass, og om det er færre enn 3 barn som ønskjer tilbodet blir SFO stengt.
 
* *Administrasjonen skal kartlegge behovet for SFO-tilbod på måndag og tysdag i påskeveka. Dette vil vere kjøpeplass, og om det er færre enn 3 barn som ønskjer tilbodet blir SFO stengt.
 
Skuleruta for SFO kan bli endra.
 
Publisert 20.05.2019

Skal du begynne på vidaregåande skule, kan du søkje om stipend frå Lånekassen. Du søkjer på lanekassen.no. i juli, når du har fått skuleplass og takka ja til den.

Meir informasjon finn du her: Lånekassen

Publisert 15.05.2019
skulerute 18_19.jpg

På grunn av at UDIR har lagt eksamen i matematikk for 10.kl. til torsdag 16. mai, har vi gjort endringar i skuleruta for våren 2019. 

 
Samarbeidsutvalet og skulen har bestemt at vi flyttar fridagen 16. mai til fredag 21. juni.
Dvs at siste skuledag for elevane i vår blir torsdag 20. juni. 
 

Klikk "les mer" for å sjå skuleruta

Publisert 31.08.2017
utdanningsdirektoratet

Frå 1. august 2017 er det vedteke eit nytt regelverk om skulemiljø. Alle elevar har rett til å ha eit trygt og godt skulemiljø som fremmar helse, trivsel og læring. Det er elevane si eiga oppleving av korleis dei har det på skulen, som er avgjerande. Skulen skal sørgje for at elevane har det trygt og godt på skulen.
 

Publisert 09.02.2017
Stordal skule

Samarbeidsutvalet ved Stordal skule har vedtatt SFO- og skulerute for 2017/2018.

 

*I samanheng med prosjektet UIU blir det felles studiedag for lærarar fredag 10. november.

**Administrasjonen kartlegg behovet for SFO-tilbod på onsdag, torsdag og fredag i juleveka. Det samme gjeld måndag og tysdag i påskeveka (som barnehagen), og vurderar korleis dette kan løysast.

Klikk på "Les mer" under, for å sjå skuleruta

Publisert 22.02.2019
Dei ansatte tester uteområdets nyeste attraksjon

Stordal kommune har ein kommunal barnehage, med to avdelingar: Andershaugen barnehage. Stordal kommune har full barnehagedekning.

Søknadsskjemaer for barnehageåret 2019/2020 og redusert foreldrebetaling, samt retningsliner og vedtekter finn du via lenkene nedanfor.

Publisert 12.06.2010
ZERO

Stordal skule er ansvarleg for grunnskuleopplæring for elevar frå 6 til 16 år og tilbyr også eit skulefritidstilbod for elevar frå 1. – 4. klasse.
Administrasjonen ved Stordal skule har også ansvaret musikk- og kulturskulen og for vaksenopplæringa i kommunen.
Meir informasjon om registrering av barn i skulepliktig alder, betalingssatsar for skulefritidsordninga, musikkskulen, vaksenopplæringa m.m., kan du få ved å vende deg til rektor v/Stordal skule tlf 70 27 91 71 eller til Servicekontoret tlf 70 27 91 00

Publisert 06.01.2017

Skulefritidsordninga ved Stordal skule er eit frivillig tilbod for barn i 1–4. klasse og for barn med særlege behov i 1–7. klasse.
I tillegg til tilsyn får barna her oppleve viktig sosial læring og dei får vere med på ulike kultur- og fritidsaktivitetar.

Publisert 12.06.2010

Alle som kjem til Norge etter 1. september 2005 må gjennomføre 300 timar norskopplæring. Opplæringa skal primært gjennomførast i kommunen der vedkomande bur. Personen har tre år på å gjennomføre dette. Da vil vedkomande kunne få busettingstillatelse og norsk statsborgarskap, dersom andre vilkår er oppfylte.
Dersom dei har behov for meir opplæring, kan dei få inntil 2 700 timar i tillegg. Norsk er viktig for å kunne forstå og bli forstått, for å få jobb, utdanning og for å kunne delta i samfunnet.

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Båtar i hamna
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS