Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Opptak til Stordal Kulturskule, skuleåret 2019/2020

kulturskle.jpg - Klikk for stort bilde Frist for påmelding til skuleåret 2019/2020 er 17. april. Fyll ut søknadsskjema elektronisk. Har du spørsmål - ta kontakt med kulturskulerektor Gøril Vidhammer, tlf. 916 99 939.

Klikk "les mer"

Publisert av Siv Krokfoss. Sist endret 28.03.2019

Det er no på tide å søkje om elevplass i kulturskulen for neste skuleår. Søknadsfristen for nye elevar er sett til 17. april. (Elevar som allereie har plass i kulturskulen har fått tilbod om å re-registrere seg.)

Viktig: All påmelding skal no gjerast elektronisk gjennom det nye administrasjonsprogrammet for kulturskulen, SpeedAdmin. 
 
Dersom ein følger denne lenka kjem ein rett til det elektroniske søknadsskjemaet:
 
 
I søknadsportalen finn ein info om dei ulike tilboda, der står rettleiande aldersgrenser for faga/instrumenta, og ein finn også retningslinjene for kulturskulen.
 
Ein velger der dei tilboda ein ønskjer å søkje på, registrerer opplysningar om elev og føresett og stadfester påmeldinga (som då er bindande). Etterpå vil ein få ein epost som stadfestar at påmeldinga er registrert. Søknaden vil vidare bli godkjent og eleven sett på venteliste. Når opptaket er klart vil de få nærare beskjed. 
 
Merk: Fellesnemnda har i møte 19. mars vedteke nye midlertidige retningslinjer som er gjeldande både for Stordal og Norddal kulturskular (nye Fjord Kulturskule) for skuleåret 2019/2020. Ein ønskjer på denne måten å harmonisere drifta mest mogleg allereie frå august 2019. Når det gjeld kontingenten/elevavgifta er det vedteke at den skal vidareførast etter gjeldande vedtak i kommunestyra i Stordal og Norddal for heile komande skuleår. For Stordal kommune tyder det at elevavgifta for skuleåret 2019/2020 blir kr. 3216 for ein ordinær elevplass. (Satsen som evt. kjem fram i SpeedAdmin-systemet gjeld for Norddal kommune.)
 
Dersom nokon har spørsmål eller treng hjelp til utfylling av det elektroniske søknadskjemaet, kan de ta kontakt med rektor Gøril Vidhammer, enten på epost: goril.vidhammer@norddal.kommune.no eller tlf. 916 999 39. 
 
   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Lam som leikar seg i Arnegarden
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS