Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Skulefritidsordning

Skulefritidsordninga ved Stordal skule er eit frivillig tilbod for barn i 1–4. klasse og for barn med særlege behov i 1–7. klasse.
I tillegg til tilsyn får barna her oppleve viktig sosial læring og dei får vere med på ulike kultur- og fritidsaktivitetar.

Organisering:  Opningstida for SFO er før og etter skuletid mellom kl. 07.30 - 16.30 på alle kvardagar.
SFO er også ope i skuleferiane – med unntak av juleferien, påskeferien og 4 veker om sommaren.

Vilkår: Tenesta er finansiert gjennom foreldrebetaling og kommunale midlar.

Heimel: Opplæringslova

Kommunale retningslinjer for SFO i Stordal kommune:

  1. Stordal kommune eig og driv Stordal skulefritidsordning som er  lagt til Stordal skule. Formannskapet er politisk fagnemnd for SFO. 
  2. Føremålet med ordninga er å vere eit godt omsorgs- og fritidstilbod til barn på småskulesteget med grunnlag i statlege forordningar og kommunale vedtak om driftsrammer. 
  3. Nynorsk målform skal så langt råd er, nyttast i songar og litteratur i SFO.
  4. Samarbeidsutvalet for Stordal skule er styre for SFO. Rektor har det overordna pedagogiske og administrative ansvaret for ordninga, medan dagleg leiar har ansvaret for den praktiske drifta.
  5. Tilbodet er friviljug og foreldrebetalt, og er ope for elevar i 1. - 4. klasse. 
  6. Tilbodet er ope alle vekedagar frå kl. 07.30 til skulestart og frå skuleslutt og fram til kl. 16.30. På elevfrie dagar i skuleåret og i skulen sine feriar har SFO opningstid mellom kl. 07.30 og 16.30. (Jf. SFO- og skulerute)
  7. Arealutnyttinga av leike- og opphaldsareal vert sett til 3 m2 pr. barn i ordninga. 
  8. Foreldrebetalinga blir fastsett av kommunestyret i budsjett- handsaminga, og gjeld komande skuleår.
    Søskenmoderasjon vert gjeve med 30% for barn nr. 2 og 50% pr. barn f.o.m. 3. barn. Søskenmoderasjonen vert utrekna med grunnlag i talet på søsken i barnehage og SFO. 
  9. Dersom oppseiing av plassen på SFO skjer etter den 15. i månaden, må foreldra betale for dei to påfølgjande månadene. Dersom oppseiinga skjer før den 15. i månaden, må det kun betalast for ein påfølgjande månad.
    Oppseiinga skal etter dette vedtaket gjerast skriftleg 

      (inkl. endringar i pkt 6 og 8 vedtatt av kommunestyret hausten 2010)

Kostnad:  Satsane blir fastsett av kommunestyret kvart år.

Satsar skuleåret 2019/2020

Saksgang:  Hovudopptak ved SFO er om våren.

Søknadsfrist i april/mai - sjå eigen artikkel.

Inntaksnemnda (undervisningsinspektør, dagleg leiar SFO + leiar for Samarbeidsutvalet) gjer ei vurdering av søknadene. I utgangspunktet vil inntaksnemnda legge til grunn stort sett same inntakskriterium som i barnehagen - dvs:

  1. Funksjonshemma barn
  2. Barn som kommunelege, helsesøster, sosialteneste, PPT eller andre sakkunnige instansar gjennom skriftleg uttale meiner har særlege behov for SFO-tilbod
  3. Yngre elevar blir i utgangspunktet prioritert framfor eldre elevar
  4. Barn som bur slik til at dei har lite kontakt med andre barn eller bur trafikkfarleg til
  5. Barn av einslege forsytarar, eller med foreldre som treng avlastning pga. sjukdom eller andre årsaker
  6. Den eine eller begge foreldra er under utdanning
    Ved SFO har ein elles løpande vurdering av opptak gjennom heile året.

Søknadsskjema: Informasjon og søknadsskjema SFO 2019/2020  (PDF, 182 kB)blir utdelt til alle aktuelle elevar på skulen og ved innskriving av nye elevar i første klasse. Ein kan også få søknadsskjema ved å vende seg til servicekontoret i 1. etg. i kommunehuset.

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Utsikt frå Gregoshornet | Fotograf: Tora Åmodt Moe
Utsikt frå Gregoshornet
Tora Åmodt Moe
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS