Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Stordal kulturskule

dans1 - Klikk for stort bilde

Stordal kulturskule gir undervisning til barn og unge på ulike instrument og tilbyr opplæring innanfor ulike kulturuttrykk. Barn og unge i grunnskulealder er hovudmålgruppa.
Skulen har om lag 60 elevar i ulike former for opplæring og samarbeider elles med Stordal skulekorps om aspirantopplæring.
I enkelte tilfelle kan det vere aktuelt å kjøpe tenester frå kulturskular i andre kommunar.

Publisert av Siv Krokfoss. Sist endret 28.03.2019

Kostnad:
Satsane for 2018/2019 vedteke KS 069/17
Satsane for 2019/2020 vedteke KS 063/18

 

Satsar Stordal kulturskule
   2018/2018   2019/2020 
Individuell elevplass (1-5 elevar pr. gruppe)       3129,-

      
3216,-

Prosjekt (klasseundervisning) pr. klokketime  per elev

 

88,- 90,-

 

  • Utgifter til lærebøker/materiell o.l.: Ca kr 150 - 300,- i året


Vedtekter for Stordal kulturskule:
1. Målsetjing: 1.1. Stordal kulturskule skal arbeide for å gje born og ungdom i kommunen:
* gode vilkår for å utvikle musikalske og skapande evner og anlegg
*eit aktivt og rikt kulturliv
* eit godt oppvekst- og kulturmiljø med positive fritidsaktivitetar

1.2. Stordal kulturskule skal gje born og ungdom tilbod om:
* opplæring innanfor musikk-, kunst- og andre kulturaktivitetar
* å delta i ulike former for kulturaktivitetar

1.3. Stordal kulturskule skal stimulere til aktiv kulturformidling i kommunen og gjennom samarbeid med andre søke å gjennomføre ulike kulturtiltak.


2. Organisering: 2.1. Stordal kulturskule er ein kommunal kulturskule som Stordal kommune eig og driv.
Heimel for drift av kulturskulen finn vi i Opplæringslova § 13-6, der det står følgjande:
”Alle kommunar skal aleine eller i samarbeid med andre kommunar ha eit musikk- og kulturskoletilbod til barn og unge, organisert i tilknyting til skoleverket og kulturlivet elles.”

2.2. Stordal kommunestyre vedtek vedtekter for Stordal kulturskule. Formannskapet er det politiske styringsorganet for Stordal kulturskule

2.3. Stordal kulturskule høyrer administrativt til under eininga Stordal skule.

2.4. Rektor ved Stordal skule er også rektor for Stordal kulturskule og har det faglege og administrative ansvaret for drifta av kulturskulen.

2.5. Stordal kulturskule og Stordal skule kan bruke kvarandre sine læremidlar.

2.6. Det bør leggjast til rette for bruk av kombinerte stillingar mellom kulturskulen, grunnskulen og andre kommunale sektorar.


3. Opptak 3.1. Stordal kulturskule er open for born og ungdom som bur i Stordal kommune.

3.2. Elevar frå andre kommunar kan bli tatt opp som elevar dersom det er ledig kapasitet.

3.3. Øvre aldersgrense for opptak er 18 år.

3.4. Opptak skjer i forkant av kvart skuleår/halvår/prosjektperiode etter nærare utlysing.

3.5. Både søknad og oppseiing av plassen skal skje skriftleg.

3.6. Prioritering ved opptak er:
* Elevar som har plass frå før
* Elevar frå grunnskulen
* Elevar frå vidaregåande skule
* Søkjarar frå andre kommunar


4. Undervisninga: 4.1. Stordal kulturskule følgjer skuleruta for grunnskulen i Stordal kommune for det som gjeld fridagar og feriar.

4.2. Undervisningsåret i Stordal kulturskule blir lagt ut over 34 veker.

4.3. Undervisninga kan organiserast som klasseundervisning eller som individuelt tilrettelagt undervisning åleine eller i grupper.

4.4. Gruppeundervisning er undervisning med 2-5 elevar gjennom heile skuleåret. Klasseundervisning er prosjektbasert undervisning i kortare periodar med meir enn 5 elevar.

4.5. Ein individuell undervisningstime varer i 20-25 min. og gruppeundervisning varer i 40-50 min.


5. Elevvilkår: 5.1. Elevane skal møte presis og førebudd til timen.

5.2. Fråvære må meldast på førehand til skulen eller læraren privat. Timar som fell bort grunna eige fråvære, har eleven ikkje krav på å få att seinare.

5.3. Dersom oppsett time fell bort som følgje av at lærar er sjuk eller på andre oppdrag (kurs o.l.), skal kulturskulen primært gi tilbod om anna høveleg undervisning - vikar eller nytt tidspunkt.

5.4. Dersom meir enn 15% av undervisningstida i eit semester fell bort etter pkt. 5.3, kan det etter søknad gjevast reduksjon i kontingenten.

5.5. Elevane har ansvar for kulturskulen sine instrument og anna utstyr. Skade på instrument/utstyr må erstattast og rektor fastset erstatningsummen etter at eleven har uttalt seg.

5.6. Elevane må sjølv koste nødvendig undervisningsmateriell.

5.7. Elevane skal vise god framferd i kulturskulen. Elevar som ikkje rettar seg etter kulturskulen sine vedtekter, kan utestengjast frå undervisninga for kortare eller lengre tid. Rektor tek avgjerd i slike saker etter at eleven har fått uttale seg.

5.8. Foreldre eller føresette har høve til å fylgje undervisninga, etter avtale med læraren.

5.9. Om nokon av elevane ved kulturskulen får oppdrag i å vere med på ei offentleg/privat tilstelling, bør rektor informerast.


6. Økonomi 6.1. Elevkontingenten blir fastsett av kommunestyret i budsjettet for kvart år. Ein elevplass på individuelt tilrettelagt undervisning åleine eller i gruppe kostar det same. For klasseundervisning blir det fastsett ein timepris.

6.2. Elevkontingenten blir betalt etterskotsvis for kvart halvår.

6.3. Søskenmoderasjon og fleiraktivitetsmoderasjon er 25%. Det blir ikkje gitt dobbel moderasjon.

6.4. Opptak i kulturskulen gjeld i utgangspunktet for heile skuleåret/prosjektperioden og kontingenten skal betalast for heile semestret sjølv om eleven sluttar i løpet av semestret.

6.5. Dersom ein elev ynskjer å avbryte undervisninga etter hausthalvåret, kan rektor innvilge permisjon for vårsemesteret. Søknaden om å få slutte skal vere skriftleg og grunngitt, og sendast rektor innan 1. november.

6.6. Fritak for kontingent ved langvarig sjukdom eller ved flytting vert avgjort av rektor etter skriftleg søknad frå elev/føresette.

6.7. Korps og kor må evt. lage eigne avtalar om bruk av kulturskulen.

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: John Kristian Hjelle
Jonsokfeiring i Stordal
John Kristian Hjelle
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS