Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Vaksenopplæring

Stordal vaksenopplæring kan gi hjelp til:
* Grunnskuleopplæring for vaksne
* Vidaregåande opplæring for vaksne

Publisert av Bjørnar Midtbust. Sist endret 12.06.2010

Grunnskuleopplæring for vaksne:
Dersom du er over 16 år og treng grunnskuleopplæring, har du rett til gratis opplæring - sjølv om du har gjennomført grunnskulen tidlegare. Dersom du ikkje har utbytte av det ordinære skuletilbodet, har du krav på spesialundervisning. Tilbodet skal vere tilrettelagt for vaksne og tilpassa dine behov.

Ta kontakt med Stordal skule for ein samtale om fagønske og ei kartlegging. Administrasjonen vil kunne hjelpe deg vidare i utdanningsløpet. Gjennomføring av opplæring vil truleg bli gjort i samarbeid med nabokommunene og lagt til ei vaksenopplæringsavdeling.

Vidaregåande opplæring for vaksne:
Dersom du er fødd før 1978 og ikkje har fullført vidaregåande opplæring, har du rett til gratis vidaregåande opplæring. Denne retten gjeld ikkje for asylsøkjarar. Den realkompetansen du har, kan bety at du får eit kortare læringsløp.

Det er fylkeskommunen som er ansvarleg for opplæringa. Ta kontakt med opplæringsavdelinga i fylkeskommunen eller ein vidaregåande skule i distriktet. Ved den vidaregåande skulen kan du få vurdert realkompetansen din og få opplæringstilbod i alle fag du har bruk for i utdanninga di. Du kan også ta dei ordinære faga som skulen tilbyr.

På vaksne sine premissar:Så langt som råd er skal opplæringa vere tilpassa den enkelte sine behov når det gjeld forma på lærestoffet, tidspunkt og stad for undervisning. Fagstoffet skal ta utgangspunkt i dei vaksne sin kvardag og skal leggast til rette med tanke på vaksne. Du avgjer sjølv om du vil ta eksamen og både undervisninga og undervisnings-materiell er gratis.

Utdanningspermisjon:Du har rett på utdanningspermisjon i inntil tre år viss
- du har jobba i minst tre år og har vore hjå same arbeidsgjevaren dei to siste åra
- du skal delta i eit organisert utdanningstilbod
- utdanninga er relevant i høve til yrkeslivet generelt.
Arbeidsgjevaren er ikkje pålagt å betale deg løn under utdanningspermisjonen.
Statens lånekasse for utdanning kan tilby stipend og/eller lån.

Kontakt vaksenopplæring
Kontakt vaksenopplæring
AnsvarlegTelefonE-post
Kst. rektor Marianne Nakken70 27 91 71E-post
   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
17.maikorps
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS