Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Søk på trenings- og/eller øvingstid ved Stordalshallen

Stordal skulekorps øver fast i grendasalen. Truleg vert dette på torsdagskveldane denne hausten - Klikk for stort bildeStordal skulekorps øver fast i grendasalen. Truleg vert dette på torsdagskveldane denne hausten Bjørg Jacobsen

Alle som ynskjer faste trenings- og øvingstider ved Stordalshallen frå medio august og fram til nyttår, må få sendt inn søknad om dette. Legg merke til at fristen for å søkje er sett til søndag den 20. august. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 07.07.2017

Dei fleste er klar over at trenings- og øvingstidene ved Stordalshallen vert fordelte to gongar i året, nemleg på hausten og ved nyttårsskiftet. Ein kan difor ikkje gå utifrå at dei tidene ein har hatt tidlegare, vert gjeldande vidare.

Likevel er ein naturleg nok oppteken av å få det til slik at øvingar som har vore på faste kveldar/tider, kan vidareførast på same viset også vidare. Ikkje minst fordi det er avgjerande viktig å få til ei best mulig fordeling av trenings- og øvingstidene, og for den del aktivitetstilboda elles. På det viset kan ein i størst mulig grad unngå kollisjonar mellom tilbod som er retta mot same aldersgruppene. I ei lita kommune som Stordal, og der tilboda er så mange og varierte, er dette naturlegvis umåteleg viktig.

Noko som kan sjå ut til å bli nytt denne hausten, er at skulekorps og hornmusikk blir nøydd til å skifte øvingskveld om dei skal kunne behalde Nick Ost som dirigent. Dette har med jobbsituasjonen til Nick totalt sett. Den kvelden det ser ut til å passe for korpsøving, er torsdagane.

Trenings- og øvingsaktiviteten i Stordalshallen er stor året rundt. Erfaringsmessig har det likevel synt seg at alle som ynskjer det, har fått plass. Melder ein inn behova før fristen, er det sjølvsagt lettare å få trenings- og/eller øvingstid, som passar.

I tillegg til dei aktivitetane som har vore faste dei siste åra, er det sjølvsagt veldig flott om nye kan kome til. Fotball er nok den aktiviteten som er mest utbreidd, men tidlegare har det t.d. vore faste økter med både badminton, bordtennis og tennis. Ein oppmodar difor også denne gongen alle som ynskjer å få i gong nye aktivitetar, til å ta kontakt med oss.

Nedst på sida her kan du laste ned eige søknadsskjema som skal nyttast når du melder inn ynskje om fast trenings- og/eller øvingstid.

FOTBALLEN DESIDERT STØRST
I idrettshallen er det fotball som har vore den desidert største aktiviteten, med fotballgruppa sine mange aldersbestemte lag i tillegg til seniorlag. Med unntak av nokre få andre aktivitetar, som t.d. leik for dei yngste, barneidretten og taekwon do, er det fotballtrening som har stått på timeplanen. Det har også vist seg at mange av desse laga, har sterke ynskje om treningstider til dei same tidene og på dei same dagane. Kva er då meir naturleg, enn at fotballgruppa sjølv kan stå for fordelinga av treningstidene, dei ulike laga i mellom?

Det er nettopp dette som har vore gjort dei siste åra, og då ved at gruppa har kalla inn alle lagleiarar/trenarar for felles gjennomgong. Det å unngå kollisjonar med dei andre aktivitetstilboda, har vore sett på som like viktig som tidlegare. Ein tenkjer då ikkje minst på aktivitetar som skulekorps, barnekor og barneidrett.  

Gruppene kan nytte samme skjema som tidlegare, der ein også kan skrive ned kvifor det er nettopp den aktuelle treningstida ein må ha. Men no ynskjer ein altså at fotballgruppa sjølv syter for å fordele tidene seg imellom. Skjema skal/kan altså sendast inn på same viset som tidlegare.

No er det sjølvsagt slik at det for mange, ikkje minst innan fotballen, framleis vil vere slik at aktiviteten vil skje utandørs i fleire veker utover hausten, men like fullt må dei som ynskjer treningstid innandørs etterkvart, nytte høve til å søkje no. Ventar ein til lengre utpå hausten, er det nemleg ikkje sikkert at det vil vere like lett å finne ledig treningstid.

Ein oppmodar difor fotballgruppa til å kalle inn til slikt møte også denne hausten og då snarast råd etter at søknadsfristen er ute.

TRENINGAR/ØVINGAR SOM AV OG TIL GÅR UT
Ein vil også i komande periode oppleve at enkelte faste treningar og øvingar må gå ut. Dette skuldast først og fremst at det er mange grupper utanfrå som ynskjer å besøkje Stordalshallen og ikkje minst dei mange flotte arrangementa her. Informasjon om faste treningar/øvingar som må gå ut, vil bli gjort kjent i form av eiga oversikt på heimesida. Oversikta over treningar/øvingar som vert råka (evt må gå ut) finn ein saman med oversikta over trenings- og øvingstidene.  

IKKJE EIGE BRUKARMØTE DENNE HAUSTEN
Vi køyrer vidare med praksisen der dei obligatoriske brukarmøta vert avvikla annakvar haust. Sist haust vart slikt møte gjennomført og dermed vert det ikkje slikt møte denne gongen. I tillegg til branninstruks og rutiner ved brann, samt instruksen for bruken av Stordalshallen generelt, vert det på desse møta som regel også gjennomført ei brannøving. Om nokon framleis skulle vere i tvil, så betyr obligatorisk her at det ikkje er slik at ei gruppe kan unnlate å stille med nokon på møtet og likevel tru at ein kan ta i bruk Stordalshallen til trening eller øving. Vi kjem tilbake med fleire detaljar vedr dette møtet, noko seinare.

Her er reportasje i etterkant av brukarmøtet i 2014

Her er reportasje i etterkant av bruakrmøtet i 2016

I tillegg til brukarmøta, gjennomfører vi også regelmessige kurs i bruken av hjertestartaren vår.

VIKTIG Å SETTE SEG INN I INSTRUKSANE!
Ein vil igjen minne om at det er ekstra viktig at alle som får ansvar for aktivitetar ved Stordalshallen, set seg grundig inn i gjeldande instruksar. Dette ikkje minst utifrå sikkerheitsomsyn, men også fordi det skal vere kjekt å kome til Stordalshallen og ta denne i bruk. Legg merke til at dette er presisert ytterlegare også i sjølve søknadsskjemaet. Sjå instruks for bruken av Stordalshallen, som pdf, nedst på sida.

STADIG FLEIRE FYL OSS PÅ FACEBOOK!
Dei fleste av dykk har alt funne ut at Stordalshallen har eiga facebookside. Det nærmar seg no 1 000 personar som fyl oss på den måten. For alle desse vert det endå lettare å halde seg oppdatert på alt det som skjer.  

Søknadsskjema haust 2017 (PDF, 110 kB)

Instruks for bruk av Stordalshallen (PDF, 56 kB)

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Fristande tyttebær
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS