Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Sommarles 2018

sommarles.png - Klikk for stort bilde

Frå 1. juni til 31. august kan alle som går i 1-7 klasse delta på Sommarles 2018. 

Alle elevar i 1. til 7. klasse kan delta, inkludert dei som skal begynne i 1. klasse til hausten og dei som går ut 7. klasse ved kampanjestart.
 

Publisert av Siv Krokfoss. Sist endret 05.06.2018

Lag din eigen profil på Sommarles.no og les så mykje du orkar i sommarferien!

Bøkene registrerer du på nettsida. For alt du les samlar du poeng og kan vinne både kule digitale trofé og premiar som du hentar på biblioteket.

Sommarles er for alle, uansett kor fort eller sakte du les. Du konkurrerer først og fremst med deg sjølv.

Du kan velje å lese vanlege bøker, e-bøker, lydbøker, teikneseriebøker, eller kanskje nokon kan lese høgt for deg – all lesing tel og gir deg poeng.

I Stordal vert dei som har lese meir enn 5 bøker med på ei loddtrekking av 3 gåvekort til ein verdi av kr. 300,-.

Kodeorda til sommarles vert lagt ut på Stordal bibliotek si heimeside etter kvart som det vert sleppte.

I september vert det sommarles-fest.

 

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Frå Løsetsætra
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS