Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Kva er bustønad?

Bustønad Husbanken - Klikk for stort bilde

Bustønad ei behovsprøvd statleg støtteordning for deg som har låg inntekt og høge bukostnader.

Husbanken og kommunen samarbeider om bustønadsordninga. Husbanken fattar vedtaka, men det er kommunen som behandlar søknaden og har all kontakt med deg som søkjar.

Publisert av Norunn Viset Busengdal. Sist endret 23.10.2018

Kven kan få bustønad?
På nettsidene til Husbanken kan du sjå kven som kan få bustønad, kva slag krav som gjeld for bustaden og kva slag grenser for inntekt som gjeld. Du kan og prøve bustøttekalkulatoren.

Vilkår for bustønad
Alle over 18 år kan søkje bustønad bortsett frå studentar og personar i førstegongsteneste. Du kan likevel søkje dersom du
• er student med barn
• er student utan barn og studiet er ein lekk i eit offentleg arbeidsretta tiltak
• er under 18 år og har eigne barn

Du må bu i bustaden du søkjer bustønad for. Alle som bur i bustaden, må også vere registrerte i folkeregisteret.

Bustaden din må vere godkjend for heilårsbruk. Samstundes må bustaden ha eigen inngang, eige bad/toalett, og det må vere mogleg å kvile og lage mat der. Bur du i bufellesskap og har fått tilvist bustaden av kommunen, kan du likevel søkje bustønad.

Grenser for inntekt
Det er sett øvre grenser for kor høgt inntektsgrunnlag du kan ha for å kunne få bustønad. Grensene finn du her.

Sjekk om du kan få bustønad

Korleis søkjer ein bustønad?
Vi anbefaler å søkje elektronisk. Søknadsfristen for bustønad er den 25. kvar månad. Utbetalinga kjem omkring den 20. i månaden etter.

Søk bustønad

Papirsøknader skal du sende til Stordal kommune, Servicekontoret, Stordalsvegen 550, 6250 Stordal. 

Du må melde frå om endringar
Dersom du får samtykke om bustønad, treng du ikkje søkje kvar månad. Men du må melde frå skriftleg til kommunen
• dersom det skjer vesentlege endringar i inntekt og formue (då må du sende inn eige
   skjema)
• dersom du/de flyttar til ein ny bustad (då må du også søkje på nytt)
• dersom ein eller fleire personar flyttar inn eller ut av bustaden
• dersom bukostnadene endrar seg
• dersom ein i huslyden blir student

Melde frå om endringar 

Klage på vedtak om bustønad
Dersom du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klage innan 3 veker frå du fekk melding om vedtaket. I nokre høve må du fylle ut eit eige klageskjema. Klagen skal du sende til kommunen.

Klage på vedtak om bustønad   

Ønskjer du å søkje bustønad for komande månader, må du sende inn ny søknad til kommunen.

Meir informasjon
Du finn meir informasjon om bustønad på Husbanken sine bustønadsider
Du kan også ta kontakt med kommunen for å få hjelp og rettleiing ved å ta kontakt med Servicekontoret, Stordalsvegen 550 eller på tlf. 70 27 91 00.

Regelverk
Lov om bustønad
Forskrift om bustønad

Bustønad saksbehandlarar
Bustønad kommunale saksbehandlararTlfMailadr
Alexander Oudijk70 27 91 02E-post
   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Solnedgang over Fausa
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS