Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

NAV Storfjorden

Telefon: 55 55 33 33 (måndag – fredag kl 08.00 – 15.30)

Publikumsmottaka i NAV Storfjorden er ope for drop-in (utan førehandsavtale):
Skodje: måndag, onsdag og fredag kl. 10.00 - 12.00
Ørskog: måndag og onsdag kl. 10.00 - 12.00
Norddal: onsdag kl. 10.00 - 14.00

Avtalte møter og oppfølgingssamtalar vert gjennomført uavhengig av opningstid for drop-in. Samtalar med rettleiar kan avtalast alle dagar frå kl. 09.00 - 15.00, og kan gjennomførast i alle fire kommunane. Samtalar med NAV kan avtalast gjennom nav.no - DittNAV elller på telefon 55 55 33 33.



 

Publisert av Norunn Viset Busengdal. Sist endret 10.10.2018

NAV Storfjorden skal nå eit mangfald av brukarar som treng ulik grad av rettleiing og oppfølging. Vår innsats skal bidra til at arbeidsgivarar skaffar seg arbeidskraft og fleire skal få muligheit til å vere i arbeid, delta i samfunnet og vere sikra inntekt.

NAV er organisert slik at du kan løyse mange oppgåver sjølv. Frå eigen PC eller PC på NAV-kontoret kan du finne mykje informasjon på www.nav.no, mellom anna:

• Registrere deg som arbeidssøker
• Registrere og oppdatere din CV
• Søke etter ledige jobbar
• Logge deg på DittNAV
• Utføre pensjonsberekning
• Sende søknad på stønader heimla i folketrygda.
• Arbeidsgivarar med rekrutteringsbehov kan kontakte oss for kandidatliste eller registrere ledige stillingar på www.nav.no.
• NAV kan gi råd og rettleiing til verksemder som treng dette for å redusere sjukefråver og utstøyting frå arbeidslivet.



Stordal kommune har følgjande tenester lagt til NAV:

Råd og rettleiing
Har du omfattande behov for bistand kan du kontakte oss for råd og rettleiing. Les meir om råd og rettleiing etter sosialtenestelova her.

Økonomisk rådgiving/gjeldsrådgiving
Har du gjeld og vanskar med å betale den? Har du problem med å disponere pengane slik at dei ikkje strekk til? Da er det viktig å søke hjelp i tide. Hensikta med økonomisk rådgiving og gjeldsrådgiving er å hjelpe slik at du blir i stand til å styre økonomien sjølv. NAV har en egen gratis økonomirådstelefon som kan gi gode råd og bistand.

Vi anbefaler at du starter med å kontakte 800GJELD – i NAV (TLF 800 45353).

Treng du bistand utover den hjelpa du får her kan du kontakte NAV-kontoret.

Les meir om økonomisk rådgiving og gjeldsrådgiving her.

Økonomisk sosialhjelp

Økonomisk stønad er ein del av samfunnet sitt sikkerhetsnett og skal sikre at alle har nok midlar til livsopphold. NAV skal ha særleg merksemd på barnefamiliar sine muligheiter for deltaking i samfunnet.

Alle har rett til å levere søknad og få si sak vurdert. NAV-kontoret vil gjere ei vurdering basert på din økonomiske, sosiale og helsemessige situasjon på eit individuelt grunnlag. Det er derfor viktig at søknaden er opplyst så godt som mogleg. Du må levere dokumentasjon på inntekter og utgifter og elles dokumentere andre forhold rundt din situasjon som kan ha innverknad på utfallet av søknaden. Søknadsskjema får du utdelt ved på NAV-kontoret. Les meir om økonomisk sosialhjelp her.

Kvalifiseringsprogram
Er du i yrkesaktiv alder med vesentleg nedsett arbeids- og inntektsevne og ingen eller svært begrensa ytingar til livsopphald kan du ha rett til deltaking i programmet. Søknadsskjema får du på NAV-kontoret. Du kan lese meir om kvalifiseringsprogrammet her.

Midlertidig bustad
NAV er forplikta til å finne midlertidig bustad til den som ikkje klarer det sjølv. Les meir om midlertidig bustad etter sosialtenestelova her.




 

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: John Kristian Hjelle
Jonsokfeiring i Stordal
John Kristian Hjelle
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS