Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Transporttenesta

Dersom du har vanskar med å nytte offentlege transportmidlar kan du søkje om reiserett i ordninga "Transporttenesta for funksjonshemma"
Sist endret 19.08.2013
Brukarar av transporttenesta vil vere funksjonshemma personar som er varig forflytningshemma på grunn av fysisk eller psykisk funksjonshemming.
Personar med livslang forflyttingshemming skal prioriterast.
Tenesta gir høve til transport med drosje eller spesialbil mot eigenandel.
Kortet dekkjer ei viss mengd reiser og du betalar ein eigenandel for kvar tur.  Transportordninga skal brukast til lokale fritidsreiser, og ikkje til sjuketransport, legebesøk eller andre reiser som blir dekka av folketrygda.

Vilkår:  Søknaden skal ha vedlagt erklæring frå lege eller annan fagperson.

Gjeldande lov og regelverk: Retningsliner frå fylkeskommunen.
Forvaltningslova.

Saksgang Inntak og godkjenning av nye brukarar vert gjort etter søknad 2 gonger årleg.
I vedtaket som vert gjort, skal det gå fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.
Fylkeskommunen sine fristar er 10. mai og 10. november. Kommunen lyser ut ca. 1 mnd. i forkant i lokalavis, lokalradioen eller ved oppslag.

Klageadgang:
Klageadgang etter forvaltningslova. Formannskapet er klagenemnd.
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på 3 veker frå du mottek vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det.  Kommunen vil kunne gje deg rettleiing.


Søknadsskjema Søknadsskjema finn du ved å klikke på linken under, eller du kan få skjema ved å vende deg til servicekontoret i kommunen.
NB! Søknaden skal ha vedlagt erklæring på behovet til søkjaren.

Skjema:
Søknad om reiserett transportteneste for funksjonshemma
Erklæring vedk. søknad om transportteneste for funksjonshemma (PDF, 157 kB)

Søknad sendast til:
Stordal kommune
v/omsorgsleiar Else Midtbust
Kommunehuset
6250 Stordal

tlf. 70 27 91 64
mail-adr.: else.midtbust@stordal.kommune.no


   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Skotshalsen
Skotshalsen
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS