Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Stas å få besøk av Lekepatruljen!

Lekepatruljen september 2017 - heile gjengen samla - Klikk for stort bildeLekepatruljen september 2017 - heile gjengen samla Hallgeir Hove

I dag var det Stordal som var stoppestad for Lekepatruljen og i løpet av ein heil skuledag, fekk barneskuleelevar og lærarar frå kommunane Ørskog, Norddal og Stordal lære ein heil haug med nye kjekke leikar og aktivitetar. Ikkje nok med det, Lekepatruljen med Stig Johansen i spissen, hadde også med seg utstyr til ei verdi av kr 20.000 til kvar av skulane. Det er Gjensidigestiftelsen som sponsar det heile.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 04.09.2017

Lekepatruljen september 2017 - stor aktivitet, heile dagen lang - Klikk for stort bildeLekepatruljen september 2017 - stor aktivitet, heile dagen lang Hallgeir Hove Lekepatruljen september 2017 - mange spanande aktivitetar og smarte/enkle løysingar - Klikk for stort bildeLekepatruljen september 2017 - mange spanande aktivitetar og smarte/enkle løysingar Hallgeir Hove Lekepatruljen september 2017 - Klikk for stort bildeLekepatruljen september 2017 Hallgeir Hove Lekepatruljen september 2017 - her er utstyret Stordal skule fekk - Klikk for stort bildeLekepatruljen september 2017 - her er utstyret Stordal skule fekk Hallgeir Hove

I løpet av dei siste to åra har barneskular i 19 kommunar fått besøk og fleire står klare til å ta imot dei to karane med dei mange spanande leikane/aktivitetane. Mange av desse er også slik at ein kombinerer fysisk aktivitet og læring. T.d. er det lett å knyte leiken inn mot fag som norsk og matematikk. Noko av det som er så genialt med dette opplegget, er at dei som er med og får eit innblikk i alle desse leikane og det rikhaldige utstyret - elevane frå 4. til 7. klasse - i neste omgong blir dei som skal aktivisere sine medelevar når dei kjem tilbake i skulekvardagen. Naturlegvis då også i lag med koordinator (lærar).  

Det er Stig Johansen som altså er mannen bak Lekepatruljen og som inspektør ved Spjelkavik barneskole, var det her han starta opp det heile. Gjensidigestiftelsen spelar også ei heilt avgjerande rolle, gjennom den støtte denne bidreg med. Den har støtta interesseorganisasjonen "Glede i bevegelse" med 1,2 millioner kroner for å innføre Lekepatruljen på flest mulig skular i Møre og Romsdal. Det er desse midlane som no blir brukt slik at ein kan tilby gratis kurs og gi utstyrspakkar til alle som ønskjer dette.

I tillegg til sjølve opplegget, som altså gjekk over ein heil skuledag, hadde Stig og Fadil (Dizdarevic) også med seg utstyr til Stordal skule, til ein verdi av kr 20.000.   

Det var ikkje vanskeleg å sjå at både små og store, sette stor pris på besøket denne torsdagen, og no kan dei andre elevane ved desse skulane berre gle seg til både friminutt og anna. Samtlege deltakarar og instruktørar fekk sjølvsagt også med seg kvar sin "jubileumsbuff" frå Stordalshallen.

Vi nyttar høve til å takke Lekepatruljen for eit kjempekjekt besøk!

Sjå eit omfattande bildegalleri frå opplegget i Stordalshallen på vår facebookside

 

For meir om Lekepatruljen kan desse lenkene vere fine:

https://www.aktivportalen.no/kurs/lekepatruljen

https://www.nrk.no/mr/lekepatruljen-vokser-og-vokser-1.12828675

http://www.smp.no/nyheter/article502563.ece

http://www.nyttiuka.no/default.aspx?menu=618&id=58554

https://www.aktivportalen.no/aktuelt/lekepatruljekurs

Sist, men ikkje minst, kan det vere greit å kjenne til dei mange prosjekta Gjensidigestiftelsen har støtta opp/står bak.

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Utsikt frå Ausskjeret | Fotograf: Christian Busengdal
Frå Ausskjeret
Christian Busengdal
Levert av ACOS AS