Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Fotograf: Bjørg Moltu
Born og unge i kommunen vår utmerka seg i konkurransen; "Sommarles" i 2006. Her ser vi tre av dei som las mest, den gongen. fotograf Bjørg Moltu
Fotograf: Hallgeir Hove
Bjørg Moltu er både folkehelsekoordinator og bibliotekar i Stordal kommune. Her ser vi ho saman med rektor ved Stordal skule i høve opninga av vasskjølaren der, nyleg. fotograf Hallgeir Hove

Stordal bibliotek på topp!

Møre og Romsdal fylkesbibliotek har lagt fram den uoffisielle utlånsstatistikken for 2006. Stordal bibliotek har styrkja sin posisjon på utlånsstoppen med ein auke i utlån på ca. 4 %, og hadde i 2006 eit utlån på 9,5 utlån/innbyggar. Dette er det høgste registrerte utlånstal i dette fylket nokon sinne. Rauma er nummer 2 med 7,8 utlån/innbyggjar.
Det er i utlån av bøker til barn og unge ein har størst auke. Dette er eit resultat av målretta arbeid både frå Stordal skule og biblioteket si side. Stordal skule har i nokre år arbeidd med leseprosjektet ”Gi rom for lesing”, og det ser ein no tydeleg resultat av i form av leselyst. Ei variert og oppdatert boksamling, og formidling av litteratur for vidare lystlesing er viktige faktorar i arbeidet med lese- stimulering. Lesekonkurransen ”Sommarles” må vel og ha ein del av æra for auken i utlånet som ein har hatt dette siste året.

Diagram over utviklinga av utlån av bøker til barn kan du finne nedanfor. (link til fil)

I utlån av bøker til vaksne har biblioteket hatt ei god auke dette siste året. Diagram over utviklinga av utlån av bøker til vaksne finn du også nederst.

Diagram over utviklinga av det totale utlånet av bøker og andre media ved Stordal bibliotek kan du også finne der.
   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Løsetsætra
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS