Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Scandinavian Library Quarterly
Tidsskriftet Scandinavian Library Quarterly, med flott reportasje om biblioteket vårt i farta!
Fotograf: privat
Biblioteksjef, Bjørg Moltu, har all grunn til å vere stolt. No ser det ut til at midlar til å vidareføre det flotte prosjektet også kjem på plass fotograf privat
Fotograf: Hallgeir Hove
Stubbedikt-vandring, er berre eitt av mange nye og spanande tiltak i biblioteket vår sin regi fotograf Hallgeir Hove

Stordal bibliotek vekkjer merksemd også utanfor landegrensa

Stordal bibliotek sitt prosjekt «biblioteket i farta» har vekt merksemd, og i desemberutgåva av det nordiske tidsskriftet «Skandinavien library quarterly» er det ein artikkel om prosjektet. Det må vel seiast å vere litt av ein prestasjon for folkebiblioteket i kommunen vår.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 14.01.2015

Det var i oktober at ein noko skjelven, men stolt biblioteksjef fekk førespurnaden om å skrive ein artikkel om prosjektet. Her finn du link til artikkelen i tidsskriftet. Artikkelen er på engelsk.

Temaet for tidsskriftet i desember var partnarskap. Stordal bibliotek sitt prosjekt er eit glimrande eksempel på kva ein kan få til gjennom samarbeid både internt i organisasjonen, og igjennom samarbeid med frivillige lag og organisasjonar, og ikkje minst kva ein kan få til ved å mobilisere brukarane. I Stordal har vi tradisjon på å løfte i flokk, og det var suksessnøkkelen denne gongen også.

Stordal bibliotek rettar ei stor takk til alle som har bidrege overfor prosjektet, og ei stor takk til alle som deltok på eitt eller fleire av arrangementa.

Det er med stor glede og entusiasme at biblioteksjefen no kan melde at Nasjonalbiblioteket har løyvd midlar til vidareføring av prosjektet i 2015. Sparebanken Møre, Møre og Romsdal fylkesbibliotek og Stordal kommune har og løyvd midlar til dette nyskapande prosjektet.

Stordal bibliotek kan love mange spanande opplevingar også i 2015, og ynskjer vel møtt til eit nytt og aktivt bibliotekår!

Om du vil kan du ta eit tilbakeblikk på fleire tidlegare reportasjar knytt til Stordal bibliotek si satsing.

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Grønnfjord
Grønnfjord
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS