Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Stordal kommune har ledig stilling som kommuneoverlege

Ledig stilling teknisk - Klikk for stort bilde Vi søkjer etter lege i 100% fast stilling som kommuneoverlege ved legekontoret i Stordal kommune frå 01.07.2018 - Søknadsfrist 01. mars 2018

 

Publisert av Siv Krokfoss. Sist endret 06.02.2018

doctor.png - Klikk for stort bilde Likar du spennande, varierte og utfordrande arbeidsoppgåver og er du engasjert?

Som kommuneoverlege i Stordal har du moglegheit til å påvirke og vidareutvikle helsetenesta, overlegen er del av assisterande rådmann si leiargruppe. Kommunen er liten og oversiktleg med godt tverrfagleg samarbeid. Kommuneoverlegen er tillagt ansvar for medisinskfagleg rådgiving til den øvrige kommunehelsetenesta, allmennmedisinske offentlege oppgåver og vanlege kurative oppgåver. Fastlegelista har eit tak på 1000 pasientar, med ca. 900 på lista d.d.

Kommuneoverlegen har det faglege og administrative ansvaret for legekontoret, psykisk helseteneste og helsestasjonstensta.Til stillinga ligg også funksjonen som tilsynslege for institusjon (Stordalstunet), overordna ansvar for helsestasjonstenesta og rettleiingsansvar for tildelt turnuskandidat.

Vi tilbyr ei interessant og krevjande stilling i eit godt arbeidsmiljø.

Stordal kommune har legevaktsamarbeid med kommunane Ørskog, Norddal og Vestne, samt nattlegevakt med Ålesund. Søkjar vil måtte delta i den interkommunale legevaktordninga.

Stordal kommune har ca. 1000 innbyggarar og ligg ved Storfjorden i Møre og Romsdal.  Kommunen byr på svært gode oppvekstvilkår, eit aktivt kulturliv og attraktive område for friluftsliv både sommar og vinter. Stordal er kjent for eit stort aktivitetstilbod for heile familien. Sterke kulturtradisjonar, engasjerte innbyggarar og sterk dugnadsinnsats kjenneteiknar samfunnet. Stordal kommune har eit aktivt næringsliv, og legg til rette for nye, berekraftige næringar gjennom eit fleirårig utviklingsprosjekt, Vekst i Stordal.  

Det er om lag 150 tilsette i kommunen fordelt på ca. 105 årsverk. Kommunen har eit vidt interkommunalt samarbeid. Stordal og Norddal kommunar har gjort vedtak om å slå seg saman til ein ny kommune frå 01.01.2020.

Kvalifikasjonskrav
- Norsk autorisasjon som lege, samt kunne beherske god norsk – både skriftleg og munnleg
  (B2/C1-nivå).
- Det er ønskjeleg med spesialistutdanning innan allmenmedisin og samfunnsmedisin.
- Det vil bli lagt vekt på erfaring, personlege eigenskapar og gode samarbeidsevner
-Søkjar som ikkje er spesialist i allmennmedisin må forplikte seg til å gjennomføre spesialiseringa etter eigen avtale med kommunen.

Den som overtar heimelen må levere godkjent politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader, samt helseattest/ei egenerklæring.

Løn etter avtale.

Aktuelle søkjarar vil verte kalla inn til intervju.

Kontakt gjerne assisterande rådman Ingvild Nergård Hattrem (41268147) eller kommuneoverlege Jessica Herje Eik (40075177) for meir informasjon om stillinga.

Interesserte sender kortfatta søknad vedlagt CV merka «Kommuneoverlege Stordal kommune» som e-post til postmottak@stordal.kommune.no  innan 01. mars 2018.

Du kan ta med vitnemål og referansar til intervju. Det vil bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste etter at søknadsfristen er ute. I samsvar med offentleglova §25 kan opplysingar om søkjar bli offentleggjort sjølv om det blir bedt om konfidensiell behandling. Søkjar vil i så fall bli førehandsvarsla om dette.

 

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Stordalsholmen
Stordalsholmen
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS