Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Stordal kommune sin kulturpris tildelt Stordal IL!

Stordal IL, logo - Klikk for stort bildeStordal IL, logo

Stordal kommune sin kulturpris for 2017, vert tildelt Stordal IL. Grunngjevinga for pristildelinga er m.a. den store betydninga laget har hatt for stordalingar og stordalssamfunnet gjennom 100 år.

 

 

 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 27.11.2017

Stordal IL er eit av mange aktive lag i Stordal kommune. Syver-Karl sitt medlemskort frå 1918 er det første som vart skrive ut. - Klikk for stort bildeStordal IL er eit av mange aktive lag i Stordal kommune. Syver-Karl sitt medlemskort frå 1918 er det første som vart skrive ut. Stordalshallen, Stordal skule, Kirkebø Stadion m.m. - Klikk for stort bildeStordalshallen, Stordal skule, Kirkebø Stadion m.m. Bjørnar Midtbust Hurra for Stordal IL! - Klikk for stort bildeHurra for Stordal IL! Hallgeir Hove I 2008 feira laget 90 år og den gongen vart det gitt ut eit flott jubileumshefte og det vart arrangert flott fest! Anna Margrethe Drægebø Moe (t.h.), Charles Tøsse og Vigdis Hove Øie, stod i spissen  - Klikk for stort bildeI 2008 feira laget 90 år og den gongen vart det gitt ut eit flott jubileumshefte og det vart arrangert flott fest! Anna Margrethe Drægebø Moe (t.h.), Charles Tøsse og Vigdis Hove Øie, stod i spissen Kjetil Tandstad

Vidare i grunngjevinga vert det peika på at Stordal IL, gjennom sin aktivitet har tilbydd ei stor breidde aktivitetar for barn, unge og vaksne. Gjennom  innsatsen sin har laget også spela ei vesentleg rolle med tanke på å få på plass mange gode idrettsanlegg. Opp gjennom åra har mange tillitsvalde og medlemmar i laget lagt ned ein stor innsats for fellesskapet. Stordal kommune meiner at Stordal IL i høg grad har gjort seg fortent til å motta Stordal kommune sin kulturpris. 

Stordal IL vart stifta nyttårsdag 1918 og feirar med andre ord 100 år i 2018. Slik sett passar det ekstra godt at laget vert tildelt prisen no, i og med at overrekkinga då kan finne stad i sjølve jubileumsåret. Laget har i alle år vore ein særdeles viktig organisasjon i Stordal, men også viktig for ein større region, då laget har hatt mange aktive frå fleire bygdelag rundt om. Heilt frå starten av har laget aktivisert barn og unge og utvikla positive møtestadar for læring, mestring og utvikling. Idrettslaget si historie gjennom 100 år skal, etter planen no også dokumenterast gjennom eit eige bokprosjekt. Mykje av historia er allereie kjend, ikkje minst gjennom 90-årsheftet, den gong som no - i hovedsak ført i pennen av Anna Margrete Drægebø Moe. Innleiingsvis i heftet står følgjande skrive: "I tida frå skipingsmøtet på ”Breidablik” til i dag ligg ei fantastisk lagshistorie. Ho fortel om pågangsmot, stå-på-vilje, samhald og dugnadsinnsats. Dette flotte heftet - i si heilheit – finn du på Stordal IL si heimeside. (heftet er på nærare 70 sider og her er det samla inn mykje flott historisk materiale og det er flott presentert vha ord og bilder) Mange av eldsjelene er nemnt med namn fordi dei vart valt i utval o.l. og fekk som oppgåve å stå for bygging av anlegg, få i gang nye tiltak eller ha ansvaret for arrangement m.v. Like viktige er alle dei som ikkje vert nemnt. Innsatsen deira er ikkje mindre viktig av den grunn. Alle som gjennom innsatsen sin har vore med på å drive idrettslaget framover ved å stille opp på arrangement, dugnad, støtte med gåver m.v. er byggsteinar.  Fakkelen i Stordal Idrottslag sin logo kan stå som symbol for alle som brenn for laget."

Idrettslaget har stått for mange aktivitetstilbud opp gjennom desse åra. Mykje tyder på at stordalingar likar å konkurrere, for på same måten har ei rekkje grupper/miljø fostra fram utøvarar både når det gjeld breidde og topp. Det vil vere for omfattande her å skulle utdjupe dette nærare, men legg til grunn at dei fleste ser for seg det breiddetilbodet som har vore organisert gjennom Stordal IL. Det same gjeld dei mange utøvarane som har konkurrert og prestert på høgt nivå - og såleis vore med å sett kultur- og idrettskommunen Stordal på kartet.

Dei fleste tilbod organisert gjennom Stordal IL, krev på ulikt vis anlegg. Her har Stordal IL, og sentrale personar i laget, gått i bresjen for realisering av ulike anlegg - viktige for si tid. Nokre er i dag vekke av naturlige årsaker, slik som ei rekkje hoppbakkar som i tidlegare tider var å finne både i Stordal og på Dyrkorn. I dag kjenner vi ikkje minst til Fjellbakken A/L, Stavsengfjellet Skisenter, Arena Overøye, løypenettet med delvis lyssetting i Øvre Stordal, Kirkebø stadion, Stordal Treningssenter og ikkje minst Stordalshallen med sine fasilitetar for ei rad aktivitetar. Dei fleste av desse anlegga har hatt fleire utbyggingsperiodar og vesentlege oppgraderingar opp gjennom åra. For realisering av desse anlegga har samarbeid vore ein viktig suksessfaktor. Innsats og bidrag frå mange: pådrivarar i Stordal IL, dugnadsgjengen, næringslivet og det offentlege gjennom både kommune og ordningar som t.d. spelemiddelordninga.

Bak alle dei aktive gjennom desse 100 åra, bak kvart eit anlegg som har blitt realisert, står det på rekkje og rad, trenarar og leiarar, tillitsvalgte, kioskansvarlege osv osv. Det er alle desse eldsjelene, samt alle utøvarane – uansett nivå – med sine utallige treningstimar, som med denne tildelinga no får sin vel fortente heider.

 

Vi gratulerer Stordal IL med tildelinga av Stordal kommune sin kulturpris 2017!

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Kleivavatnet
Bjørnar Midtbust
Levert av ACOS AS