Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Sommarles 2006
Stordal kommune til topps, også i Sommarles 2006
Fotograf: Bjørg Moltu
Emma Victoria, Malene og Synne, gjorde alle ein solid innsats fotograf Bjørg Moltu

Stordal kommune vann pokalen i Sommarles 2006!

Pokalen i den interkommunale sommarles konkurransen gjekk til Stordal kommune. Lesekreftene i kommunen vår oppnådde heile 111, 6 poeng i gjennomsnitt. Ein solid kollektiv innsats frå barn og unge, var med å sikra sigeren.
Pokalen i den interkommunale sommarles konkurransen gjekk til Stordal kommune. Lesekreftene i kommunen vår oppnådde heile 111, 6 poeng i gjennomsnitt. Hareid kom på andre plass med 89,86 poeng.

Ein solid kollektiv innsats frå barn og unge, var med å sikra sigeren. Mange av deltakarane gav uttrykk for at dei ikkje satsa på å vinne sjølv, men at dei var med for at Stordal skulle vinne. Dette vitnar om at dei har fått dugnadsånda inn med morsmjølka og det lovar godt for dugnadskommunen i framtida.

Deltakarane her sto overfor ei ekstra utfordring ettersom biblioteket har redusert opningstid om sommaren, og er heilt stengt i 4 veker. Dei måtte hamstre. Dei ivrigaste bar ut lass på lass med bøker, og somme ringte i desperasjon til Bjørg Moltu ved biblioteket, fordi dei hadde gått tom for bøker. No førebur biblioteket seg på storinnrykk og kaos når alle bøkene skal ryddast på plass igjen.

Det har kome meldingar til sommarles frå Hellas, Bulgaria og Norway Cup, og ein kan vel tenkje seg at det har vore noko diskusjon rundt omkring i heimane når koffertane skulle pakkast. Biblioteksjefen i Haram fortel at ei hadde 8 kg bøker med til Bulgaria!

Noko av det som har vore spesielt positivt med sommarles er at dei unge har prøvd ut nye sjangrar, vore ”modigare” i sitt val av bøker. Mange har funne skjulte skattar i bokhyllene. Somme av bøkene har kanskje aldri vore utlånt før.
   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Vidhammer
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS