Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   

Stordal Turlag sesongopnar!

Stordal Turlag på tur - Klikk for stort bildeStordal Turlag på tur Stordal Turlag

I morgon, onsdag 15. mai, er det klart for første tur for Stordal Turlag, når dei legg opp til å besøkje Klebergsætra i Liabygda. Så har dei ei rad flotte turar på programmet sitt framover, heilt fram til slutten av september.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 15.05.2019

Stordal Turlag held altså fram med det populære tilbodet, der dei inviterer alle som har lyst til å vere med på turar rundt omkring både her i Stordal, men også ofte litt lengre unna, som t.d. Laushornet i Geiranger og Brustind på Vestnes denne sesongen. Sjekk programmet for å sjå dei mange spennande turane, som også varierer noko i høve vanskegrad.

Sjå heile turprogrammet som pdf også her (PDF, 538 kB)

Du gjer sjølvsagt også lurt i å fylje Stordal Turlag på facebook

Ruth Janne Vinje i turlaget, skriv at det ikkje vert lagt ut program i postkassene i Stordal i år, men at ei kan få dette rundt om i butikkane.

Ho minner også om medlemskontigenten, som er på kr 100,- uansett om det er ein familie, eit par eller enkeltpersonar. 

God tur!

   

Søk

Kontakt oss

Stordal kommune
Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Bjørnar Midtbust
Junidag ved Kleivavatnet
Bjørnar Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS